Provinsen New York



Provincie New York
Province of New York
Koloni i Amerika

1664–1775
 

Location of New York
Location of New York
Kart over provinsen New York.
Styreform Konstitusjonelt monarki
Konge
 - 1664-1685 Karl II
 - 1769-1776 Georg III
lovgjevingsmakt New York
 - Overhus Magistrat
 - Underhus New York-forsamlinga
Historie
 - Erobringa av Ny-Amsterdam 27. august 1664
 - New York-provinskongressen 22. mai 1775

Provinsen New York (1664–1775) var ein britisk kronkoloni som opphavleg omfatta det som i dag er dei USA-amerikanske statane New York, New Jersey, Delaware og Vermont, i tillegg til delar av Connecticut, Massachusetts og Maine, og det austlege Pennsylvania. Det meste av dette landområdet vart raskt kvittert av krona og gav området som i dag er delstaten New York.

Provinsen kom til då Provincie Nieuw-Nederland overgav seg og vart avstått av Dei sameinte Nederlanda til kongedømet England i 1664. Provinsen vart kalla opp etter Jakob, hertugen av York, bror til Karl II av England, kort tid etter. Territoriet var ein av Dei midtre koloniane, og vart først styrt direkte frå England.

New York-kongressen av lokale representantar erklærte seg sjølvstendige den 22. mai 1775, først omtalt som «staten New York» i 1776, og ratifisert i New York-konstiusjonen i 1777. Sjølv om britane heldt New York City under den amerikanske sjølvstendekrigen som militær- og politisk base under operasjonane deira i Nord-Amerika,[1][2] og ein britisk guvernør teknisk sett sat med embetet, vart det meste av den tidlegare kolonien halden av patriotane. Dei britiske krava på New York enda med Paris-traktaten i 1783.

Kjelder endre

  1. Schecter, Barnet. The Battle for New York: The City at the Heart of the American Revolution. Walker & Company. New York. October 2002. ISBN 0-8027-1374-2
  2. McCullough, David. 1776. Simon & Schuster. New York. May 24, 2005. ISBN 978-0743226714