Río Negro-provinsen

(Omdirigert frå Provinsen Río Negro)

Río Negro (spansk uttale [ˈri.o ˈneɣɾo], svart elv) er ein provins i Argentina, som ligg i det nordlege Patagonia. Naboprovinsane er frå sør med klokka Chubut, Neuquén, Mendoza, La Pampa og Buenos Aires. Mot aust ligg Atlanterhavet og mot vest ligg Los Lagos-regionen i Chile.

Río Negro-provinsen
provins
Flagg
Symbol
Land  Argentina
Hovudstad Viedma
Areal 203 013 km²
Folketal 750 768 (2022)[1]
Kart
Río Negro-provinsen
40°48′S 63°00′W / 40.8°S 63°W / -40.8; -63
Wikimedia Commons: Río Negro Province

Hovudstaden er Viedma, han ligg nær utløpet til Rio Negro i provinsen i den austlege delen. Den største byen ligg i mot Andes i vest, Bariloche. Andre viktige byar inkluderer General Roca og Cipolletti.

Río Negro er ein av dei seks provinsane som utgjer argentinsk Patagonia. Provinsen har namn etter Río Negro i Argentina.

Coloradoelva er grenseelv mot La Pampa-provinsen i nord. Limayelva fungerer som den naturlege grensa mot Neuquénprovinsen i vest. Den 42. sørlege breiddegrada markerer den sørlege grensa mot Chubutprovinsen. Med eit areal på 203 013 kvadratkilometer er Río Negro den fjerde største provinsen etter areal.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Río Negro-provinsen