Provinsen Verbano Cusio Ossola
(Omdirigert frå Provinsen Verbano-Cusio-Ossola)
Provinsen Verbano-Cusio-Ossola (italiensk Provincia del Verbano Cusio Ossol) er ein provins i regionen Piemonte i Italia. Han vart oppretta i 1996 frå dei tre områda nemnd i namnet, som tidlegare hadde vore ein del av provinsen Novara. Vestbreidda av Lago Maggiore dannar austsida av provinsen, medan Ortasjøen og omgjevnadane rundt dannar den sørlege. I nord og aust består provinsen av Ossola, ein region med fjell og dalar i Alpane.
Verbano-Cusio-Ossola | |||
provins | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Piemonte | ||
Hovudstad | Verbania | ||
Areal | 2 255 km² | ||
Folketal | 154 233 (31. desember 2021) | ||
Postnummer | 28921–28925, 28811–28897 | ||
Retningsnummer | 0321, 0322, 0323, 0324 | ||
Bilnummer | VB | ||
Provinsen Verbano Cusio Ossola 45°56′00″N 8°32′00″E / 45.933333333333°N 8.5333333333333°E | |||
Kart som viser Provinsen Verbano Cusio Ossola.
| |||
Wikimedia Commons: Province of Verbano-Cusio-Ossola |
Hovudstaden er byen Verbania. Han har eit areal på 2 255 km² og totalt 154 233 innbyggjarar i 2021. Det er 77 kommunar i provinsen og dei største av desse er:
Kommune | Innbyggjarar | |
---|---|---|
Verbania | 30 836 | |
Domodossola | 18 362 | |
Omegna | 15 949 | |
Gravellona Toce | 7 595 | |
Villadossola | 6 915 | |
Cannobio | 5 113 | |
Stresa | 5 104 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Province of Verbano-Cusio-Ossola» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2007.