Ortasjøen
Ortasjøen er ein innsjø nord i Italia vest for Lago Maggiore. Han har hatt dette namnet sidan 1500-talet, men vart tidlegare kalla Lago di San Giulio, etter St. Julius (300-talet), vernehelgenen til regionen. Den sørlege enden ligg om lag 35 km nordvest for Novara med jernbane langs linja mellom Torino og Milano, medan nordenden ligg 6 km med jernbane sør for jernbanestasjonen Gravellona-Toce, halvvegs mellom Ornavasso og Omegna.
Ortasjøen | |||
innsjø | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Område | Piemonte | ||
Provinsar | Novara, Verbano Cusio Ossola | ||
Tilsig | Fleire undervasselvar i tillegg til Scarpia, Pellino, Plesna, Qualba, Fiumetta, Pescone | ||
Utløp | Nigoglia | ||
Nedslagsfelt | 116 km² | ||
Opphaldstid | 8,9 år | ||
Høgd over havet | 290 moh. | ||
Lengd | 13,4 km | ||
Breidd | 2,5 km | ||
Areal | 18,2 km² | ||
Middeldjupn | 71,6 m | ||
Største djupn | 143 m | ||
Koordinatar | 45°49′02″N 8°24′24″E / 45.81722°N 8.40667°E | ||
Øyar | Isola San Giulio | ||
Ortasjøen 45°48′35″N 8°23′47″E / 45.8098°N 8.3963°E | |||
Wikimedia Commons: Lago d'Orta |
I innsjøen ligg øya Isola San Giulio som har nokre vakre bygningar og som har fått namnet frå den lokale helgenen Julius av Novara, som levde på 300-talet.
Den største staden ved innsjøen er Orta San Giulio, som ligg på ei halvøy på austsida av innsjøen, medan Omegna ligg heilt i nord. Ein meiner at innsjøen var ein del av ein mykje større innsjø som opphavleg fekk vatn frå Toce. Då isbreane trekte seg tilbake minka vassmengda og Toce rann i staden til Lago Maggiore.
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Orta frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: