Psará
Psará Lokalt namn: Ψαρά | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Dei nordegeiske øyane
|
Areal | 44,51 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Dei nordlege egeiske øyane Khíos |
Største busetnad | Psará (454 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 458 (2011[1]) |
Folketettleik | 10,3 /km² |
Psará (gresk Ψαρά) er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Ho ligg 22 km nordvest for øya Khíos og 150 km frå Aten. Øya er om lag 7 x 8 km stor og har eit areal på 45 km². Ho har vore busett sidan den mykenske perioden og innbyggjarane har alltid vore avhengige av havet. Homer refererte til øya som Psyra[2].
Psará er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Khíos i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[3]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Psará 458 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 454 innbyggjarar.[1]
Kommunen Psará inkluderer den vesle øya Andípsara med 4 innbyggjarar. Psará har òg ei lita hamn med samband til Khíos og andre delar av Hellas.
Psará vart med i den greske sjølvstendekrigen 10. april 1821. Øya vart invadert 21. juni 1824 av egyptiske styrkar under Ibrahim Pasha sin kommando. Delar av folkesetnaden klarte å flykte frå øya, men dei som ikkje klarte det vart anten seld som slavar eller nedslakta. Meir enn 15 000 grekarar vart massakrert. Øya vart forlate og øybuarane vart spreidd rundt i Sør-Hellas. Theofilos Kairis, ein prest og vitskapsmann, tok mange foreldrelause born til seg og utvikla den kjende skulen Orfanotropio av Theofilos Kairis.
Av landemerke på øya finn ein ei borg. Psará har ein skule, ei kyrkje, eit postkontor, ei hamn og ein plass (plateia).
Byar og tettstader Endra
Byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[1] |
---|---|
Psará | 454 |
Andípsara | 4 |
Småøyar i kommunen:
- Andípsara (4)
- Ájo Nikoláki (0)
- Dakalió (0)
- Káto Nisí (0)
- Mastrojórji (0)
- Prasonísi (0)
Referansar Endra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Homer, Odyssey, III http://classics.mit.edu/Homer/odyssey.3.iii.html
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Bakgrunnsstoff Endra
Kjelde Endra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Psara frå Engelsk Wikipedia .