Khíos (gresk Χίος), òg kalla Chios eller Hios, er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Ho ligg om lag sju km frå kysten av Tyrkia.

Khíos
Lokalt namn Χίος
Satellittbilete av Khíos
Satellittbilete av Khíos
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 38°24′N 26°01′E / 38.400°N 26.017°E / 38.400; 26.017
Øygruppe Dei nordegeiske øyane

Areal 842,5 km²

Høgaste punkt Pelinéo óros (1 297 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei nordlege egeiske øyane
Khíos
Største busetnad Khíos by (26 850 innb.)

Demografi
Folketal 51 390 (2011[1])
Folketettleik 61,0 /km²

Andre namn på øya er mellom anna صاقيز eller Sakız (osmansk tyrkisk), Scio (genuesisk), Chio (italiensk), Khora, Chora, Castro og Kastron.

Tidlegare hadde Khíos åtte kommunar, men frå 2011 er Khíos ein kommune, og øya høyrer administrativt til under periferieininga Khíos i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2] Forutan Khíos omfattar periferieininga øyane Psará, Andípsara og Inoússes.

Khíos by er namnet på hovudbyen og det administrative senteret, men vert lokalt ofte kalla Khóra (som tyder «byen» på gresk). Klosteret Néa Moní frå 1000-talet som ligg på Khíos, står på UNESCO si verdsarvliste.[3]

Administrativ inndeling endre

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei åtte tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Geografi endre

Khíos er nesten halvmåneforma og er 50 km lang frå nord til sør og 29 km på det breiaste. Arealet til øya er 904 km², noko som gjer ho til den femte største greske øya. Terrenget er hovudsakleg fjellkledd og tørt med ein rygg av fjell som går langs midten av øya frå nord til sør. Den høgaste fjelltoppen heiter Pelinéo óros og er 1 297 meter høgt. Han ligg nord på øya. Midten av øya er delt mellom aust og vest av fleire mindre fjelltoppar kalla Provatás.

 
Mastik har vore grunnlag for den rike kulturen på Khíos.

Khíos har for tida litt over 50 000 innbyggjarar. Mange khiotarar har flytta til storbyar på det greske fastlandet. Øya er kjend for mellomalderlandsbyane, den vakre naturen og det gode klimaet. Hovudeksportvaren frå øya er mastik, men det vert òg produsert oliven, fiken og vin. Internasjonalt er øya kanskje mest kjend for dei store og dyktige skipsfartsselskapa.

Austkysten endre

Khíos by ligg om lag midt på austkysten av Khíos i lag med områda Vrondáthos and Kámbos. Khíos by har om lag 27 000 innbyggjarar og er bygd rundt hovudhamna på øya og ei mellomalderborg, som vart bygd i periodane då venetianarane og osmanarane styrte øya. Byen vart hardt råka av eit jordskjelv i 1881.

Nord for Khíos by ligg ein stor forstad kalla Vrondáthos, som vert hevda å vere fødestaden til Homer.

Like sør for Khíos by ligg flyplassen på øya og området Kámbos, ei stor, frodig slette kjend for herregardar og innmurte frukthagar. Sør for Kámbossletta ligg landsbyen Thymianá (Θυμιανά). Langs kysten ligg Karfás (Καρφάς), ei stor sandstrand, som høyrer til den nærliggande landsbyen Ajía Ermióni (Άγια Ερμιόνη) og som i dag er det største turistsenteret med fleire store og små hotell.

Dei sørlege områda endre

 
Tradisjonelt dekorert hus frå Pyrgí på Khíos
 
Dekorert inngangsparti frå Pyrgí

Dei sørlege områda av øya er kjend for Mastikhokhória (Mastikbyane), som er dei seks landsbyane Mestá (Μεστά), Pyrgí (Πυργί), Olýmbi (Ολύμποι), Kalamotí (Καλαμωτń), Véssa (βèσσα) og Eláta (Ελάτα), som i lag har produsert mastikgummi sidan romartida. Mellom Khíos by og Mastikhokhória ligg fleire historiske landsbyar som Armólia (Αρμόλια), Myrmígi (Μυρμήγκι) og Kallimasiá (Καλλιμασιά). Langs austkysten finn ein fiskelandsbyane Katarráktis (Καταρράκτης) og i sør Nénita (Νένητα)

Sørkysten har lågt folketal og har berre busetnadar i bukta Kómi, og den gamle landsbyen Emboriós, som har vore busett sidan 1800 fvt. Her finn ein òg ei svart vulkansk strand kalla Mavra Volia, som ein meiner vart danna då Santoríni eksploderte i 1600 fvt.

Vestkysten endre

Vestkysten mellom den djupe naturlege hamna Liménas i sør og byen Vrondáthos i nord, dannar ei halvmåneforma rekkje av nesten folketomme og steinete bukter. Dei næraste landsbyane er Lithí og Sidiroúnda i åssida over sjøen, og lenger inne i landet ligg Eláta, Véssa, Avgónyma og den fråflytte landsbyen Anavátos.

Dei nordlege områda endre

Nord på øya finn ein to landsbyar: Volissós på vestkysten og Kardámyla i aust. Lenger nord ligg tre landsbyar som er kjend for å dyrke kirsebær: Amádes, Víki og Kambiá.

Dei indre områda endre

Sentralt på øya ligg klosteret Néa Moní frå 1000-talet, som er kjend for massakren under opprøret i 1822.

Historie endre

Førhistorisk tid og antikken endre

Arkeologiske funn viser at Khíos har vore busett sidan steinalderen, mellom anna i holer nord på øya. På 1100-talet fvt. var øya styrt av ein konge eller ein høvding, og dei neste fire hundreåra glei styret over i aristokrati (eller moglegvis tyranneri).

Ferekydes skreiv at øya var busett av lelegearar[4], som skal ha hatt sitt opphav i Den minoiske sivilisasjonenKreta.[5] Dei vart etter kvart driven bort av jonarar.

Khíos var ein av dei opphavlege tolv statane i Det joniske forbundet. Som følgje av dette vart Khíos, på slutten av 600-talet fvt., ein av dei første byane til å prege myntar, og hadde sfinksen som sitt symbol, ein tradisjon øya hadde i nesten 900 år.

På 400- og 300-talet fvt. hadde folketalet på øya vakse til over 120 000 (to til tre gongar meir enn i dag), eit estimat basert på den svære gravplassen ved Khíos by.[6]

Khíos vart den største eksportøren av gresk vin og var kjend for god kvalitet. Amforaer (krukker) frå Khíos med det karakteristiske sfinksmerket og klassr av druer er funne i nesten alle land som grekarane handla med i antikken, så langt borte som i Gallia, Øvre Egypt og aust i Russland.[7]

Romartida endre

Under den tredje makedonske krigen vart trettifem fartøy som var allierte til Roma med om lag tusen galliske soldatar og mange galliske hestar sende av Eumenes II til broren Attalus. Dei drog bort frå Elaea og var på veg mot Phanae der dei skulle gå i land og vidare mot Makedonia, men Antenor, flåteleiaren til Perseus, avskar flåten mellom Erythrae (på vestkysten av Tyrkia) og Khíos. I følgje Livy,[8] vart dei tekne fullstendig på senga av Antenor. Offiserane til Eumenes trudde først det var vennlege romarar, men forstod så at dei stod imot eit åtak frå Makedonia. Enkelte valde å hoppe i sjøen og symje til Erythrae, medan andre rende i land på Khíos og rømde mot byen. Skremd av alt bråket stengde khiotarane byportane og makedonarane, som hadde gått i land nær byen, tok livet av 800 menn, medan 200 vart tekne til fange.

Mellomalderen endre

Etter Romarrikets fall vart Khíos i fleire hundreår ein del av Austromarriket. Etter det fjerde krosstoget og plyndringa av Konstantinopel vart øya ein del av Republikken Venezia.

Under opprøret på 1200-talet vart eigarskapen over øya stadig påverka av regionale maktkampar. Øya kom tilbake til austromersk styre i 1225, men dei austromerske leiarane hadde liten påverknad og etter Nymphaeumtraktaten vart øya avstått til Genova i 1261[9] . Etter fleire invasjonar og okkupasjonar av tyrkiske sjørøvarar vart øya gjenerobra, på befaling av den austromerske keisaren, av den genuesiske Beneto A Zacharia (1304), då admiral for Filip av Frankrike. Zacharia sette seg sjølv som herskar av øya og det kortvarige herskapet Khíos. Han vart etterfølgt av nevøen sin og så sonen, men etter ein generasjon vart herskapet oppløyst då eit lokalt opprør jaga Zachariafamilien bort frå øya (1329).

Det lokale styret vart ikkje lenge. I 1346 hadde Genova oppretta eit autorisert selskap eller Maona (Maona di Chio e di Focea) for å gjenerobre og utnytte Khíos og naboområdet Fokaea i Litleasia. Øya var under genuesisk kontroll fram til 1566, då ho gjekk til Det osmanske riket.

Den moderne perioden endre

 
Oljemåleri av Khiosmassakren av Eugène Delacroix.

Under det osmanske styret vart grekarane styrt av ein tyrkisk herskande klasse. Under den greske sjølvstendekrigen oppstod det eit opprør blant øybuarane i 1822. Som hemn gav sultanen ordre om å massakrere alle innbyggjarane. Massakren vart måla av Eugène Delacroix og det kjende verket heng i dag på Louvre i Paris. Den tyrkiske massakren dreiv bort eller utsletta fem sjettedelar av folkesetnaden på 120 000 og utsletta heile landsbyar. Dette skapte enormt sinne i Vest-Europa, noko ein kan sjå i verket til Delacroix, og i forfattarskapen til Lord Byron og Victor Hugo.

I 1881 vart øya råka av eit jordskjelv, estimert til 6,5 på Richterskalaen, som øydela store delar av bygningane på øya, i tillegg til å ta fleire liv.

Khíos vart ein del av Hellas etter den første balkankrigen (1912) og vart offisielt annektert frå Tyrkia etter Lausannetraktaten i 1923.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Khíos by Khíos by 26 850
Vrondádos Omiroúpoli 5 323
Thymianá Ájos Minás 1 566
Kallimasiá Ionía 958
Khalkiós Kambókhora 950
Nénita Ionía 903
Marmáro Kardámyla 875
Langáda Omiroúpoli 760
Pyrjí Mastikhokhória 755
Kardámyla Kardámyla 710
Tholopotámi Ionía 647
Karyés Omiroúpoli 618
Neokhóri Ájos Minás 587
Ájos Jeórjos Sykoúsis Kambókhora 579
Kalamotí Mastikhokhória 569
Sykiáda Omiroúpoli 562

Andre busetnader på øya er:

  • Ajía Ermióni (478)
  • Armólia (442)
  • Katarráktis (408)
  • Lithí (397)
  • Karfás (393)
  • Dafnón (385)
  • Vasilevóniko (377)
  • Olýmbi (376)
  • Mestá (337)
  • Pityoús (257)
  • Eláta (248)
  • Ververáto (231)
  • Volissós (223)
  • Vavíli (208)




Småøyar i kommunen:

  • Glastriá (0)
  • Margaríti (0)
  • Sarakinópetra (0)
  • Strovíli (0)
  • Kértis (0)
  • Venétiko (0)
  • Pelagónisos (0)
  • Ájos Stéfanos Mastikhokhoríon (0)
  • Kalójeros (0)
  • Nisáki (0)
  • Ájos Stéfanos Omiroúpolis (0)

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2011, revidert
  2. 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     
  3. World Heritage List: «Monasteries of Daphni, Hosios Loukas and Nea Moni of Chios», nettstaden til UNESCO
  4. Strabo 14.1.3
  5. Herodotus 1.171
  6. Merouses 2002 kap. 5, seksj. 3
  7. Hugh Johnson, Vintage: The Story of Wine s 41. Simon and Schuster 1989
  8. Livy, 44.28
  9. The Zaccaria of Phocaea and Chios. (1275-1329) William Miller, The Journal of Hellenic Studies, Vol. 31, 1911 (1911), s. 42-55; doi:10.2307/624735: JSTOR

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre