Pseudofossil
Pseudofossil er uorganiske strukturar som liknar på fossil. Dei vanlegaste er dendrittar, som liknar plantefossil, men er danna ved utfelling av jarn- og manganoksid på sprekkeflater, og «forsteina appelsinar» og andre «frukter», som er konkresjonar danna ved kjemisk utfelling i dei opphavlege sedimenta. Sedimentære strukturar, som tørkesprekker, og reine forvitringsformer kan òg i einskilde tilfelle takast for å vere fossil.
Kjelder
endre- Pseudofossiler. (2011, 20. oktober). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/pseudofossiler.