Puerto Williams er ein liten hamneby på Navarino-øya i Eldlandet, heilt sør i Chile. Byen er provinshovudstad i Antártica Chilena, som er underordna Región de Magallanes y de Antártica Chilena. Dersom ein reknar Puerto Williams som ein by, er han den sørlegaste byen i verda. Viss ikkje, er det Ushuaia (ca. 57 000 innb.) på den argentinske delen av Eldlandet som går av med tittelen verdas sørlegaste by.

Puerto Williams
Utsikt mot hamna med kvasse fjell i bakgrunnen. Oktober 2007.
Utsikt mot hamna med kvasse fjell i bakgrunnen.
Oktober 2007.
Utsikt mot hamna med kvasse fjell i bakgrunnen.
Oktober 2007.
Styresmakter
Land
Region
Provins
Øy
Chile
Región de Magallanes y de Antártica Chilena
Antártica Chilena
Navarino-øya
Grunnlagt 21. november 1953
Alcalde Hugo Henriquez Matus
Geografi
Flatevidd 0,99 km²
Innbyggjarar
 - By (2002)

2262
Koordinatar 54°56′S 67°37′W / 54.933°S 67.617°W / -54.933; -67.617
Tidssone -4 (UTC-4)
Diverse anna
Heimeside: http://www.ptowilliams.cl

Namn og grunnlegging endre

Byen vart grunnlagd den 21. november 1953 som Puerto Luisa, men namnet vart snart skift til Puerto Williams etter den britiske sjøfararen John Williams Wilson (1798-1857). Wilson oppheldt seg mykje i Chile og var grunnleggjaren av Fuerte Bulnes; den fyrste busetnaden i Magellansundet sidan 1587.

Næringsliv endre

Puerto Williams er bygd rundt ein marinebase (verdas sørlegaste), og mange av innbyggjarane jobbar i det militære. Dei siste åra har det sivile folketalet auka - i år 2002 var det totale folketalet kome opp i 2262. Marinesjukehuset i byen vart opna i 1960. Puerto Williams er også ein avgjerande viktig by for båttrafikk gjennom Magellansundet. Ifylgje ein kontrakt underskriven av Argentina og Chile i 1984, må alle som vil reisa til sjøs frå Stillehavet til Atlanterhavet gjennom Magellansundet starta i Puerto Williams.

Transport endre

Punta Arenas er utgangspunktet for å koma til Puerto Williams. Herifrå går det ferje til Navarino-øya ein gong i veka samt småfly til Puerto Williams to gonger dagleg på vekedagar.

Turisme endre

Turisme i Puerto Williams blir stadig meir populært. Mange brukar byen som utgangspunkt for fotturar i fjella, og overnattar på vandrarheimar eller gjesteheimar i byen. Det er også mogleg å fiska eller padla kajakk. Her finst òg verdas sørlegaste museum - eit antropologisk museum som har utstillingar om dei innfødde Yaghan- og Selk'nam-folka. Puerto Williams har også ein botanisk hage med subantarktisk flora. Dessutan husar Puerto Williams verdas sørlegaste yachtklubb.

Kjelde endre