Punta Arenas er ein chilensk hamneby og bykommune som ligg heilt sør i Fastlands-Chile, på Brunswick-halvøya like nord for Magellansundet. Byen er både regionshovudstad i Región de Magallanes y de Antártica Chilena og provinshovudstad i provinsen Magallanes som han høyrer til innunder.

Punta Arenas
Sommarnatt, jolaftan 2004.
Sommarnatt, jolaftan 2004.
Sommarnatt, jolaftan 2004.
Byvåpenet til Punta Arenas
Byvåpenet til Punta Arenas

Kallenamn
««Magallanes», «Byen av raude tak»»
Styresmakter
Land
Region
Provins
Chile
Región de Magallanes y de Antártica Chilena
Magallanes
Grunnlagt 18. desember 1848
Alcalde Vladimiro Mimica Carcamo
Geografi
Flatevidd 37,62 km²
Flatevidd
 - By

17 846 km²
Innbyggjarar
 - By (2002)
   - folketettleik

119 496
  6,7/km²
Koordinatar 53°10′S 70°56′W / 53.167°S 70.933°W / -53.167; -70.933
Høgd over havet 5 m
Tidssone -4 (UTC-4)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer +56, +61
Heimeside: http://www.puntaarenas.cl/
Nettstad: www.puntaarenas.cl
Regionskart. Kommunen Punta Arenas i raudt.

Kommunen Punta Arenas dekkjer Brunswick-halvøya og dei nordlegaste av øyane i Eldlandet. Dei fleste av desse er folketomme. Dei største av øyane er Santa Inés-øya, Desolación-øya, Dawson-øya, Aracena-øya og Clarence-øya.

I 2002 hadde byen nærmare 120 000 innbyggjarar, noko som gjer Punta Arenas til ein av dei største byane i Patagonia. Han er også den største byen sør for 46. breiddegrad. Lenger sør, på Eldlandet har korkje Argentina eller Chile byar over 100 000 innbyggjarar.

Historie endre

I 1843 sendte regjeringa i Chile ut ein delegasjon med oppgåva å oppretta ein busetnad ved Magellansundet. Ein veleigna plass vart funnen, men i 1848 bestemte delegasjonen seg for å flytta busetnaden til den noverande byposisjonen. Byen Punta Arenas vart grunnlagt her den 18. desember.

Frå 1850-åra vart Punta Arenas brukt som oppsamlingsplass for innvandrarar til landet og som straffekoloni. Byen var herja av fleire mytteri blant fangane utover 1800-talet. På slutten av hundreåret fekk byen sterkare vekst på grunn av auka handel. Når ein i tillegg fann gull i områda rundt byen, tiltrekte byen seg mange eventyrlystne gullgravarar. Gullrushet tok slutt på byrjinga av 1900-talet, men saueavl vart stadig viktigare i regionen sidan det finst store beitemarker her.

Før Panamakanalen vart fullført i 1914 var hamna i Punta Arenas ei av dei viktigaste i Chile. Her kunne dampskipa stoppa og få påfyll med kol før dei la i veg over Stillehavet eller gjennom Magellansundet over Atlanterhavet.

Innbyggjarane i dag er av både tysk, engelsk, italiensk, sveitsisk, irsk og kroatisk opphav m.m. Nokre reknar at heile 50 % av dagens innbyggjarar stammar frå kroatar, noko som kan sjåast på kroatiskspråklege skilt og namn rundt om i byen.

Næringsliv og transport endre

Punta Arenas har både petroleumsindustri og produksjon av metanol. Fiske og skogbruk spelar også ei viktig rolle.

 
Magellan-monumentet i byen.

Byen er ein viktig innfallsport til den chilenske delen av Eldlandet. Det er ferjesamband både til Navarino-øya og til Storøya i Eldlandet. I tillegg har byen småflyplass som går til Puerto Williams og til Porvenir. [1] Dessutan, sidan trafikken mellom Argentina og Falklandsøyane er sterkt regulert, er Punta Arenas eit viktig utgangspunkt også for å koma seg til og frå desse øyane.

Den internasjonale flyplassen Presidente Carlos Ibáñez del Campo International Airport ligg ikkje langt unna. Herifrå kan ein fly nordover i Chile, til Argentina eller til Falklandsøyane, og det går motorveg frå Punta Arenas til det nordlege Chile og Argentina.

Turisme endre

Eit monument av Ferdinand Magellan står sentralt i byen. Sjøfartsmuseet Museo Nao Victoria opna i oktober 2011. Museet har ein kopi av seglskipet «Nao Victoria» som Magellan brukte då han oppdaga Magellansundet. Ein kopi av skipet James Caird, som Ernest Shackleton segla med til Sør-Georgia finst også.

Truleg er byen verdas sørlegaste by med over 100 000 innbyggjarar. Dessutan kan Punta Arenas skryta på seg at han har verdas sørlegaste McDonalds-restaurant.

Kjelder endre

Fotnote endre