Puffa kveite
Puffa korn er eit puffa kornslag laga av kveitekorn. Det blei innført som eit kommersielt produkt i USA ved byrjinga av 1900-talet.[1]
Tou Mølle i Ryfylke byrja laga puffa kveite i Noreg i 1949.[2] Det puffa kveiteproduktet Pops blei innført av Ramberg og Sønner AS i Skien i 1950.[3]
Det finst fleire puffa kveiteprodukt med sukker, som Golden Crisp, lansert som Happy Jax i 1948 og Sugar Crisp året etter.[4] Honnikorn/Honey Smacks, lansert i USA i 1953[5] og Honey Monster Puffs, lansert som Sugar Puffs i Storbritannia i 1957.[6]
Kjelder
endre- ↑ Santlofer, Joy (2012). «Cereal, Cold» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-973496-2. doi:10.1093/acref/9780199734962.001.0001/acref-9780199734962-e-0145.
- ↑ Roy Høibo, red. (2010). FOLK i Ryfylke. Årbok for Ryfylkemuseet (PDF). s. 19.
- ↑ Ulvenes, Halvor (25. november 2018), «Han skapte verdiar for nesten 150 millionar kroner», Varden (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 2. august 2021, henta 2. august 2021
- ↑ Kawash, Samira (15. oktober 2013). Candy: A Century of Panic and Pleasure (på engelsk). Macmillan. s. 287–289 and color plate #15. ISBN 9780865477568.
- ↑ «Norwegian Honni Korn Smacks». Arkivert frå originalen 21. september 2010. Henta 31. august 2010.
- ↑ «The History of the Honey Monster: from 1957 to 2018.», Honey Monster (på engelsk), henta 2. august 2021