Pulaskitt er ein magmatisk bergart, ein alkalifeltspat-syenitt som vanlegvis fører ægirin (eller augitt) og alkaliamfibol, og dessutan av og til noko nefelin. Det er kjent frå Oslofeltet (Nordmarka). Hedrumitt er ein nærskyldt gangbergart frå Oslofeltet.

Det er kalla opp etter Pulasky County i Arkansas i USA.

Kjelder

endre