Nefelin
Nefelin, tidlegare kalla elæolitt, er eit vanlegvis grått til raudleg mineral med glas- til feittaktig glans, utan spalteretningar. Mineralet består av natrium-aluminiumsilikat, NaAlSiO4, med ein del kalium som erstattar natrium. Det er eit feltspatoid-mineral som blir danna i silikafattige bergartar (nefelinsyenitt, fonolitt). Nefelin vert omdanna forholdsvis lett til ulike zeolittar ved påverknad av hydrotermale løysingar.
Nefelin | |
![]() | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Silikatmineral |
Kjemisk formel | (Na,K)AlSiO4 |
Identifikasjon | |
Molekylvekt | 146,08 |
Farge | Kvit, grå, brun, brunaktig grå, raudaktig kvit |
Krystallform | Massiv korna til prismatisk |
Krystallsystem | Heksagonal Romgruppe: P 63 |
Tvilling | På [1010], [3365] og [1122] |
Kløyv | [1010] dårleg |
Brot | Undermuslig |
Mohs hardleiksskala | 6 |
Glans | glasaktig - feittete |
Strekfarge | Kvit |
Spesifikk vekt | 2,55–2,65, snitt = 2,59 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) |
Brytingsindeks | nω = 1,529–1,546 nε = 1,526–1,542 |
Dobbeltbryting | δ = 0,003 - 0,004 |
Andre eigenskapar | ikkje-radioaktiv, ikkje-magnetisk, ikkje-fluorescerande |
Kjelder | [1][2][3] |
Det finst i Noreg til dømes i bergarten lardalitt nord for Larvik og i pegmatittgangar ved Langesundsfjorden og på Stjernøya i Finnmark. Nefelin er eit viktig råstoff i glas- og porselensindustrien med nefelinsyenitt.
KjelderEndra
- Nefelin. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/nefelin.
- ↑ http://webmineral.com/data/Nepheline.shtml Webmineral
- ↑ http://www.mindat.org/min-2880.html Mindat
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/nepheline.pdf Handbook of Mineralogi