Ægirin er eit mørkegrønt mineral som finst i langprismatiske krystallar. Det er eit pyroksenmineral med den kjemiske formelen NaFeSi2O6. Det vart først skildra i 1835 etter eit funn i Rundmyr i Øvre Eiker i Buskerud. Mineralet er kalla opp etter Ægir, den norrøne havguden.[2]

Ægirin

Ægirin
Generelt
KategoriSilikatmineral, Pyroksen
Kjemisk formelNaFe3+[Si2O6]
KrystallsymmetriMonoklinisk 2/m
Identifikasjon
Molekylvekt231.00
FargeMørkgrøn, grønaktig svart
KrystallformPrismekrystallar kan opptre i sprutar av nålforma krystallar, fibrar, i radiale klumpar
KrystallsystemMonoklinisk prismatisk
TvillingEnkel og lamellert tvilling vanleg på {100}
KløyvGod på {110}, (110) ^ (110) ≈87°; delar seg på {100}
BrotUjamn
Mohs hardleiksskala6
GlansGlasaktig til lett harpikshaldig
StrekfargeGulaktig grå
TransparensGjennomsiktig til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt3,50–3,60
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1,720–1,778
nβ = 1,740–1,819
nγ = 1,757–1,839
PleokroismeX = samaragdgrønt, mørkgrønt; Y = grasgrønt, mørkgrønt, gul; Z = brunaktig grøn, grøn, gulaktig brun, gul
2V-vinkelMålt: 60° til 90°, utrekna: 68° til 84°
Dispersjon (spreiing)moderat til sterk r > v
Kjelder[1][2][3][4]

Ein brunfarga varietet av mineralet vert kalla akmitt.

I Noreg

endre

Mineralet er ein viktig bestanddel i fleire av dei vulkanske bergartane i Oslofeltet (nordmarkitt, ekeritt, groruditt, nefelinsyenitt) og finst òg i ein del av bergartane i Fensfeltet. Store krystallar er kjend frå nefelinsyenittpegmatittar ved Langesundsfjorden.

Galleri

endre

Kjelder

endre
  • Ægirin i Store norske leksikon, snl.no
  1. http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/aegirine.pdf Handbook of Mineralogy
  2. 2,0 2,1 http://www.mindat.org/min-31.html Mindat
  3. http://webmineral.com/data/Aegirine.shtml Webmineral
  4. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogy, 20th ed., ISBN 0-471-80580-7

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ægirin