Pusta
Pusta reka (serbisk Пуста река) er ei elv sør i Serbia og ei 71 km lang sideelv til Južna Morava frå venstre. Ho har gjeve namn til regionen Pusta Reka i dalen.
Pusta reka (Пуста река) | |||
elv | |||
Land | Serbia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 569 km² | ||
Lengd | 71 km | ||
Kjelde | Fjellet Radan nær Prolom Banja i Serbia | ||
Munning | Južna Morava ved Pukovac | ||
Elva spring ut nordaust for Prolom Banja, nær landsbyen Sokolovica, nord i fjellet Radan. Ho renn austover mellom Radan i sør og Pasjača i nord. Ho munnar ut i Južna Morava nær landsbyen Pukovac.
Pusta reka drenerer eit område på 569 km² og nedslagsfeltet høyrer til Svartehavet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pusta River (South Morava)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6