Put Your Hands Up (If You Feel Love)
Put Your Hands Up (If You Feel Love) Singel av Kylie Minogue frå albumet Aphrodite | ||
B-side |
«Silence» | |
---|---|---|
Utgjeve | 29. mai 2011 | |
Sjanger | Dansepop, synthpop | |
Lengd | 3:38 | |
Selskap | Parlophone | |
Låtskrivar(ar) | Finlay Dow-Smith Miriam Nervo Olivia Nervo | |
Produsent | Starsmith Stuart Price | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
«Better than Today» (2010) |
Put Your Hands Up (If You Feel Love) | «Timebomb» (2012)
|
«Put Your Hands Up (If You Feel Love)» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue utgjeven som den fjerde singelen frå det ellevte studioalbumet hennar, Aphrodite (2010).
Informasjon
endre«Put Your Hands Up (If You Feel Love)» vart skriven av Finlay Dow-Smith, Miriam Nervo og Olivia Nervo.[1] Songen vart produsert av Starsmith og Stuart Price. Ettersom singlane «Better than Today» og «Get Outta My Way» ikkje selde så bra som Minogue hadde håpa, kunngjorde ho at det ville ikkje koma fleire singlar frå albumet.[2] Dette gjekk plateselskapet seinare tilbake på og annonserte at «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» ville kome ut som digital singel den 31. mai 2011. Utgjevingsdatoen vart seinare flytt til 5. juni av hovudselskapet hennar, Parlophone Records.
Utgjeving og listeplasseringar
endreSingelen kom først ut i Japan den 29. mai 2011 som ein digital versjon inkludert eit nytt spor som heiter «Silence». Denne og ein annan versjon med remiksar vart begge utgjevne i Europa og i Australia. Spora på CD-en vart òg utgjevne digitalt, slik at totalt tre ulike digitale versjonar kom ut i Australia. Biletet for dei fleste utgjevingane viser Minogue i ein Dolce & Gabbana-drakt designa for turneen hennar, Aphrodite: Les Folies Tour.
«Put Your Hands Up (If You Feel Love)» låg ei veke på fleire hitlister, mellom anna i Australia, Austerrike og Storbritannia. Singelen nådde som nummer 50 i Australia på ARIA Charts og som nummer 93 i Storbritannia på UK Singles Chart. I Belgia nådde songen opp som nummer 48 den 11. juni 2011 og nummer 36 den 25. juni 2011 på Ultratip. I USA nådde singelen nummer 41 på Billboard (Hot Dance Club Songs) den 9. juli 2011 og førsteplass den 3. september 2011.[3] Alle singlane frå Aphrodite har nådd førsteplass på denne topplista.
Format og sporliste
endre- Digital EP
- «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» – 3:38
- «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Pete Hammond Remix) – 7:54
- «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Basto's Major Mayhem Edit) – 3:00
- «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Live from Aphrodite: Les Folies Tour) – 3:49
- «Silence» – 3:42
- The Remixes digital EP
- «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Nervo Hands Up Extended Club Mix) – 6:57
- «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Basto's Major Mayhem Mix) – 5:22
- «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Basto's Major Mayhem Dub) – 5:50
- «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Bimbo Jones Remix) – 6:02
- «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Pete Hammond Remix Edit) – 4:37
- Australsk iTunes EP og CD single
- «Put Your Hands Up (If You Feel Love)»
- «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Pete Hammond Remix - Radio Edit)
- «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Pete Hammond Remix)
- «Cupid Boy» (Live from London)
- «Cupid Boy» (Stereogamous Vocal Mix)
Personell
endre
|
|
Topplisteplasseringar
endreToppliste (2011) | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts)[4] | 50 |
Austerrike (Ö3 Austria Top 75)[5] | 38 |
Belgia (Ultratip Flandern)[6] | 36 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[7] | 93 |
USA (Billboard Hot Dance Club Songs)[3] | 1 |
Utgjevingshistorie
endreLand | Dato | Format | Plateselskap |
---|---|---|---|
Danmark | 29. mai 2011 | Digital EP 1 | EMI |
Frankrike | |||
Tyskland | |||
Irland | |||
Japan | |||
Storbritannia | Parlophone | ||
Danmark | 3. juni 2011 | The Remixes digital EP | EMI |
Frankrike | |||
Tyskland | |||
Irland | |||
Japan | |||
Austerrike | Digital EP 1, The Remixes digital EP | ||
Belgia | |||
Finland | |||
Italia | |||
Nederland | |||
Sveits | |||
New Zealand | Digital EP 1, Digital EP 2, The Remixes digital EP | Warner Music Australia | |
Australia | |||
Storbritannia | 5. juni 2011 | The Remixes digital EP | Parlophone |
Canada | 7. juni 2011 | Digital EP 1, The Remixes digital EP | Astralwerks |
USA | |||
Spania | EMI | ||
Australia | CD single | Warner Music Australia |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Put Your Hands Up (If You Feel Love)». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 28. april 2011.
- ↑ Cameron Adams. «Kylie promises Perth a wet'n'wild show». The Sunday Times. Henta 22. april 2011.
- ↑ 3,0 3,1 «Hot Dance Club Songs». Billboard. Prometheus Global Media. 3. september 2011. Henta 3. september 2011.
- ↑ «Australian-charts.com – Kylie Minogue – Put Your Hands Up (If You Feel Love)». ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta 11. juli 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Put Your Hands Up (If You Feel Love) – Austriancharts.at». Ö3 Austria Top 40. Hung Medien. Henta 11. juli 2011.
- ↑ «Ultratop.be – Kylie Minogue – Put Your Hands Up (If You Feel Love)». Ultratip (Flandern). Hung Medien. Henta 11. juli 2011.
- ↑ «Chart Stats – Kylie Minogue – Put Your Hands Up (If You Feel Love)». UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 11. juli 2011.