Aphrodite av Kylie Minogue
Aphrodite Studioalbum av Kylie Minogue | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. juni 2010[1] | |
Innspelt | 2009–10 | |
Sjanger | Dansepop, electropop, synthpop | |
Lengd | 43:30 | |
Selskap | Parlophone Capitol Records | |
Produsent | Stuart Price[1] Kish Mauve Cutfather Peter Wallevik Daniel Davidsen Lucas Secon Damon Sharpe Starsmith Nerina Pallot Andy Chatterley Calvin Harris | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Kylie Minogue-kronologi | ||
X (2007) |
Aphrodite | Kiss Me Once (2014) |
Singlar frå Aphrodite | ||
|
Aphrodite er det ellevte studioalbumet av den australske songaren Kylie Minogue, utgjeven den 30. juni 2010. Minogue byrja å arbeida med elektronisk musikk-produsenten Stuart Price, som seinare var den utøvande produsenten av albumet. Dei samarbeidde med ulike produsentar og låtskrivarar på albumet inkludert Jake Shears, Calvin Harris, Sebastian Ingrosso og Pascal Gabriel. Aphrodite har ein musikkstil som er liknande på dei andre albuma av Minogue og er for det meste ein dansepop og disco-album.
Etter utgjevinga mottok albumet positive omtalar frå kritikarar. I Australia nådde albumet andreplassen på ARIA Charts og vart seinare sertifisert platina. I Storbritannia nådde albumet fyrsteplassen på UK Albums Chart, ein prestasjon innhenta med det første studioalbumet hennar, Kylie (1988), på same veke 22 år tidlegare. Aphrodite var det fjerde studioalbumet av Minogue som nådde fyrsteplassen på den britiske hitlistene og gjorde henne den første songaren til å ha eit fyrsteplass-album i fire ulike tiår i landet, oppnå dette i 1980-åra, 1990-åra, 2000-åra og 2010-åra.
Fire singlar vart utgjeven frå albumet. Den første singelen «All the Lovers» var vellukka i mange europeiske land og nådde tredjeplassen i Storbritannia. Den andre singelen «Get Outta My Way» nådde den Top 20 i Storbritannia men ikkje den Top 50 i Australia. Den tredje singelen «Better than Today» nådde ikkje den Top 50 i Australia og den Top 20 i Storbritannia. «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» vart utgjeven som den fjerde singelen frå Aphrodite og nådde den Top 50 i Australia. Alle fire singlar utgjeven frå albumet nådde fyrsteplassen på den Billboard Hot Dance Club Songs-listene.
Albuminformasjon
endreAlbumet vart fronta av singelen «All the Lovers» som kom ut på førehand, og vart utgjeven over heile verda i juli 2010.[2] «All the Lovers» var ein av dei siste songane som vart skrive for albumet, og denne vart seinare valt som første singelen. På Aphrodite er Stuart Price den viktigaste produsenten, medan låtskrivarane er Minogue, Stuart Price, Calvin Harris, Jake Shears, Nerina Pallot, Pascal Gabriel, Lucas Sekon, Tim Rice-Oxley og Kish Mauve.[2] Price bidrog til albumet med ei kreativ økt med Minogue i New York i slutten av 2009. Albumet inneheld ingen balladar, men nokre slike songar vart spelt inn under innspelinga av albumet. Songen «Better than Today» vart framført av Minogue på den nordamerikanske turneen hennar, For You, For Me Tour, før innspelinga.
Minogue la seinare ut på turneen Aphrodite World Tour. Turneen vart hennar største så langt og dei vitja fem verdsdelar i alt inkludert Europa, Asia, Nord-Amerika, Oseania og Afrika.
Listeplasseringar og sal
endreAphrodite nådde topplistene i over femten europeiske land. Albumet nådde fyrsteplass på dei britiske hitlistene og var det femte albumet til Minogue som nådde fyrsteplass på lista.[3] I USA vart dette det nestbestseljande albumet hennar med sal av over 18 000 eksemplar i løpet av den første veka, og albumet nådde nittandeplass på Billboard 200. I Australia vart albumet det tiande Top 10-studioalbumet hennar og det nådde andreplassen på den australske albumlista.[4] I Tyskland vart albumet hennar det tredje til å nå Top 10, det første sidan Fever.[5] Aphrodite vart sertifisert til platina i Australia og Storbritannia for sal av over 70 000 og 300 000 eksemplar.[6][7]
Singlar
endreDen første singelen frå Aphrodite vart som «All the Lovers».[8] Under eit intervju med CNN fortalde Minogue om valet av songen som første singel. Songen fekk positive anmeldelser frå kritikarar[9] og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart.[10] Songen nådde òg Top 10 og Top 20 på hitlistene i Europa, Asia og Australia.[11][12]
Den andre singelen «Get Outta My Way» vart utgjeven over heile verda i september 2010.[13] Songen kom ut i oktober 2010 i Australia. I eit intervju skildra Kylie songen som «rein dansepop» og seier at energien er særs smittande.[14]
«Better than Today» vart den tredje singelen frå albumet og vart utgjeven den 6. desember 2010 i Storbritannia. Songen har fått stort sett positive meldingar frå kritikarar. I USA nådde songen fyrsteplassen på Billboard-danselista.
«Put Your Hands Up (If You Feel Love)» vart utgjeven som den fjerde singelen. Songen kom ut 3. juni 2011 over heile verda. «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» nådde fyrsteplass på Billboard-danselistene, der Minogue no har oppnådd fem påfølgjande fyrsteplass-singel. Songen nådde ikkje topplistene i Australia og Storbritannia.
Sporliste
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Produsent(ar) | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «All the Lovers» | Kish Mauve | Eliot, Stuart Price | 3:20 |
2. | «Get Outta My Way» | Mich Hansen, Lucas Secon, Damon Sharpe, Peter Wallevik, Daniel Davidsen | Cutfather, Davidsen, Wallevik, Price, Secon, Sharpe | 3:38 |
3. | «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» | Starsmith, Nervo | Starsmith, Price | 3:38 |
4. | «Closer» | Stuart Price, Beatrice Hatherley | Price | 3:10 |
5. | «Everything is Beautiful» | Tim Rice-Oxley, Frase T. Smith | Smith | 3:25 |
6. | «Aphrodite» | Nerina Pallot, Andy Chatterley | Chatterley, Pallot, Price | 3:45 |
7. | «Illusion» | Kylie Minogue, Stuart Price | Price | 3:21 |
8. | «Better than Today» | Nerina Pallot, Andy Chatterley | Chatterley, Pallot, Price | 3:25 |
9. | «Too Much» | Kylie Minogue, Calvin Harris, Jake Shears | Harris | 3:16 |
10. | «Cupid Boy» | Sebastian Ingrosso, Magnus Lidehall, Nick Clow | Ingrosso, Lidehäll, Price | 4:26 |
11. | «Looking for an Angel» | Kylie Minogue, Stuart Price | Price | 3:50 |
12. | «Can't Beat the Feeling» | Hannah Robinson, Pascal Gabriel, Borge Fjordheim, Matt Prime, Richard Philips | Fjordheim, Gabriel, Price | 4:10 |
Medverkande
endre
|
|
Topplisteplasseringar
endreToppliste (2010–11) | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts)[4] | 2 |
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[15] | 3 |
Belgia (Ultratop Flandern)[16] | 4 |
Belgia (Ultratop Vallonia)[17] | 3 |
Canada (Canadian Albums Chart)[18] | 8 |
Kroatia (Hrvatska Diskografska Udruga)[19] | 10 |
Tsjekkia (ČNS IFPI)[20] | 5 |
Danmark (Tracklisten)[21] | 21 |
Nederland (MegaCharts)[22] | 4 |
Europa (European Top 100 Albums)[23] | 1 |
Finland (Suomen virallinen lista)[24] | 22 |
Frankrike (SNEP)[25] | 3 |
Tyskland (Media Control Charts)[5] | 3 |
Hellas (IFPI Greece)[26] | 1 |
Ungarn (Mahasz)[27] | 18 |
Irland (Irish Albums Chart)[28] | 5 |
Italia (FIMI)[29] | 9 |
Japan (Oricon)[30] | 28 |
Mexico (AMPROFON)[31] | 22 |
New Zealand (RIANZ)[32] | 11 |
Noreg (VG-lista)[33] | 16 |
Polen (ZPAV)[34] | 6 |
Skottland (Scottish Albums Chart)[35] | 1 |
Spania (PROMUSICAE)[36] | 2 |
Sverige (Sverigetopplistan)[37] | 9 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[38] | 2 |
Storbritannia (UK Albums Chart)[10] | 1 |
USA (Billboard 200)[39] | 19 |
USA (Dance/Electronic Albums)[40] | 2 |
Sertifisering
endreLand | Sertifisering | Sal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[6] | Platin | 70 000 |
Belgia (BEA)[41] | Gull | 15 000 |
Storbritannia (BPI)[7] | Platina | 300 000 |
Utgjevingshistorie
endreLand | Dato | Format | Plateselskap |
---|---|---|---|
Japan | 30. juni 2010 | CD+DVD | EMI |
Australia | 2. juli 2010 | CD, CD+DVD, digital download, vinyl | Warner Music Group |
Tyskland | EMI | ||
Nederland[42] | |||
Sveits | |||
Austerrike | |||
Polen | |||
Spania | |||
Storbritannia | 5. juli 2010 | Parlophone | |
Brasil | EMI | ||
Frankrike | |||
Danmark | |||
New Zealand | Warner Music | ||
USA | 6. juli 2010 | Capitol Records | |
Canada | EMI | ||
Taiwan | Gold Typhoon | ||
Israel | 7. juli 2010 | Helicon Records |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aphrodite (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Kylie Minogue readies new album, single for Summer». Billboard. Henta 14. juli 2010.
- ↑ 2,0 2,1 «Kylie Minogue announces new album». The Independent. Henta 20. april 2010.
- ↑ «JLS and Kylie top charts». Music Week. Intent Media. 12. juli 2010. Henta 20. oktober 2012.
- ↑ 4,0 4,1 «Kylie Minogue – Aphrodite». Australian Recording Industry Association. Hung Medien. Henta 16. juli 2010.
- ↑ 5,0 5,1 «Minogue, Kylie: Aphrodite». Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 16. juli 2010.
- ↑ 6,0 6,1 «ARIA Charts – Accreditations – 2011 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 16. juli 2011.
- ↑ 7,0 7,1 «Certified Awards Search». British Phonographic Industry. 1. april 2011. Henta 3. april 2011.
- ↑ «More Kylie single, album details revealed». Digital Spy. Henta 7. mai 2010.
- ↑ Harvilla, Rob. «On the New Kylie Minogue Single, "All the Lovers" – New York Music – Sound of the City». The Village Voice. Henta 10. juli 2010.
- ↑ 10,0 10,1 «Kylie Minogue – Aphrodite». The Official Charts Company. Chart Stats. Henta 7. juli 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – All The Lovers – Music Charts». Acharts.us. Henta 10. juli 2010.
- ↑ Hung, Steffen. «Kylie Minogue – All The Lovers». Swiss Music Charts. Henta 10. juli 2010.
- ↑ «Kylie confirms next Aphrodite single». Digital Spy. Henta 7. juli 2010.
- ↑ «Kylie Minogue Likes the 'Defiance' in 'Get Outta My Way'». PopEater. 23. september 2010. Henta 24. oktober 2010.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». IFPI Austria. Hung Medien. Henta 7. juli 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». Ultratop (Flandern). Hung Medien. Henta 7. juli 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». Ultratop (Vallonia). Hung Medien. Henta 7. juli 2011.
- ↑ «Kylie Minogue Album & Song Chart History». Billboard Canadian Albums Chart for Kylie Minogue. Henta 28. mai 2014.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». Hrvatska Diskografska Udruga. Henta 20. juli 2010.
- ↑ «TOP50 Prodejní – Minogue Kylie – Aphrodite». IFPI Czech Republic. Henta 16. juli 2010.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». Tracklisten. Hung Medien. Henta 7. juli 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». MegaCharts. Hung Medien. Henta 7. juli 2011.
- ↑ Sexton, Paul (15. juli 2010). «Gurls And A Goddess Put EMI At No. 1 On European Charts». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 20. juli 2010.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». Finnish Charts. Hung Medien. Henta 7. juli 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». SNEP. Hung Medien. Henta 21. mai 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». IFPI Greece. Hung Medien. Henta 7. juli 2011.
- ↑ «Top 40 album- és válogatáslemez-lista – 2010. 27. hét». Mahasz. Henta 14. juli 2010.
- ↑ «Top 75 Artist Album, Week Ending 8 July 2010». Irish Recorded Music Association. Henta 7. juli 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». Federation of the Italian Music Industry. Hung Medien. Henta 7. juli 2011.
- ↑ «アフロディーテ/カイリー・ミノーグ – Aphrodite / Kylie Minogue». Oricon. Henta 21. juli 2010.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». Asociación Mexicana de Productores de Fonogramas y Videogramas. Hung Medien. Henta 7. juli 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». Recording Industry Association of New Zealand. Hung Medien. Henta 12. juli 2010.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». Verdens Gang. Hung Medien. Henta 16. juli 2011.
- ↑ «Oficjalna lista sprzedaży». OLiS. 19. juli 2010. Henta 16. juli 2010.
- ↑ «Top 40 Scottish Albums Archive». The Official Charts Company. 17. juli 2010. Henta 11. juli 2010.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». Productores de Música de España. Hung Medien. Henta 7. juli 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». Sverigetopplistan. Hung Medien. Henta 7. juli 2011.
- ↑ «Kylie Minogue – Aphrodite». Swiss Music Charts. Hung Medien. Henta 7. juli 2011.
- ↑ «Kylie Minogue Album & Song Chart History». Billboard 200 for Kylie Minogue. Henta 28. mai 2014.
- ↑ «Kylie Minogue Album & Song Chart History». Billboard Dance/Electronic Albums for Kylie Minogue. Henta 28. mai 2014.
- ↑ «Gold and platinum certifications – Albums – 2011». Belgian Entertainment Association. Hung Medien. 15. juli 2011. Henta 23. oktober 2011.
- ↑ «All The Lovers availability retrieved 6 June 2010». Bol.com. Henta 11. juli 2010.