Puy de Sancy er det høgaste fjellet i Massif Central og sentrale område av Frankrike, og det høgaste i landet utanom Alpane og Pyreneane. Fjellet har ei høgd på 1 886 meter over havet.

Puy de Sancy
fjell
Land  Frankrike
Fjellkjede Massif Central
Høgd 1 886 moh.
Primærfaktor 1 579 m
Koordinatar 45°31′42″N 2°48′51″E / 45.52833°N 2.81417°E / 45.52833; 2.81417
Kart
Puy de Sancy
45°31′42″N 2°48′51″E / 45.528333333333°N 2.8141666666667°E / 45.528333333333; 2.8141666666667
Wikimedia Commons: Puy de Sancy

Fjellet er ein del av ein gamal stratovulkan, som har vore sovande i 220 000 år.

Dei nordlege og sørlege fjellsidene vert nytta til skisport, og fleire kabelvogner og skiheisar går opp fjellet. Det har vore køyrt ski her sidan tidleg på 1900-talet. To lokale prestar kryssa Puy de Sancy på ski i 1905. I 1936 vart det bygd ei kabelvogn frå Mont-Dore til ein av tindane like nedanfor toppen. I desember 1965 førte ei kabelvognulukke til at ti passasjerar vart skada, medan sju omkom. Super-Besse er eit skisenter på sørvestsida av fjellet.

Dalen i nord er kjelda til to småelvar kalla Dore og Dogne, som dannar elva Dordogne, som renn gjennom den nærliggande kurstaden Mont-Dore og vidare til elvemunningen til Garonne.

Puy de Sancy frå sør


Bakgrunnsstoff endre