Dordogne (oksitansk Dordonha) er ei elv i sørvestlege og sentrale delar av Frankrike

Dordogne
elv
Dordogne i Périgord.
Land  Frankrike
Nedslagsfelt 23 870 km²
Lengd 490 km
Middelvassføring 450 /s
Kjelde Massif Central
 •  høgd 1 720 moh.
Munning Garonne
Kart
Elva Dordogne
45°02′42″N 0°36′22″W / 45.045°N 0.60611111°W / 45.045; -0.60611111
Wikimedia Commons: Dordogne River

Geografi

endre

Elva har sitt utspring i fjellsida av Puy de Sancy (1 885 m) i fjella i Auvergne, der to små fjellelvar renn i hop: Dore og Dogne. Ho renn hovudsakleg vestover om lag 500 km gjennom regionane Limousin og Périgord før ho munnar ut i Gironde, elvemunningen som ho delar med Garonne, nord for byen Bordeaux.

Etymologi

endre

Dordogne kjem av det antikke ordet Durānius, som igjen har sitt opphav i den urkeltiske rotadur-, dor- (som i Durance).

I mellomalderen fekk namnet på elva den doble endinga -ononia, påverka av endinga -onna, som ein finn i namnet til mange andre elvar i Frankrike. På 500-talet var namnet Dorononia fluvius, på 700-talet Dornonia, som utvikla seg til Dordonia (800-talet).

Natur

endre

Dordogne er ei av få elvar i verda der store tidvassbølgjer brer seg langt oppover elva. Dordognedalen vert rekna som ein vakker dal, og er med på å trekke turistar til regionen. Turistsesongen varer stort sett frå juni til september, der juli og august er høgsesong.

Elveleiet

endre

Dordogne renn gjennom følgjande departement og byar:

 
Dordogne i Périgord

Sideelvar

endre

Dei største sideelvane til Dordogne frå kjelda til munningen (H=høgre, V=venstre)

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre