Qalat i Afghanistan
Qalat (persisk قلات, qalāt) er provinshovudstad for Zabol i Afghanistan.[1] Han ligg sentralt i landet, 300 km sørvest for hovudstaden Kabul. Qalat har 49 158 innbyggjarar (2015).[2] Dei fleste innbyggjarane er pasjtunarar. Byen har vegsamband med Kandahar i sørvest og Ghazni i nordaust via hovudvegen Ring Road. Qalat lufthamn ligg i nærleiken av byen.
Qalat قلات, qalāt | |||
Land | Afghanistan | ||
---|---|---|---|
Provins | Zabol | ||
Høgd | 1 568[1] m | ||
Folketal | 49 158 (2015) | ||
Qalat i Afghanistan 32°06′22″N 66°54′25″E / 32.106111111111°N 66.906944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Qalat, Zabul |
Qalat er også kjend som Qalāt-e Ghiljī, Qalāt-e Tokhī. Qalāt kan også skrivast Kalāt. Namnet tyder 'festning'. Festningen som ligg i åssida over Qalat skal ifølgje soga vera bygd av Aleksander den store. [3] Det noverande byggverket blei reist under britane på 1800-talet.[4] Han er blitt brukt, også i nyare tid, av sovjetarar, talibankrigarar og USA-amerikanarar.[3]
Historie
endre16. april 1857 vitja eit britisk sendebod gjennom byen, på veg til Kandahar for å inngå ein avtale mellom dei britiske styresmaktene i Peshawar og emiren av Kabul.[5]
Emir Sher Ali Khan erobra byen den 22. januar 1867. Sonen hans, Mahomed Ali, blei drepen i slaget. Det var onkelen hans som drap han, og onkelen blei seinare også drepen.[6]
I 2005 var Qalat base for amerikanske styrkar som kjempa mot Taliban.[4] Den første flyplassen i provinsen, Qalat lufthamn, blei bygd i 2006.[7] Han var eit av fleire prosjekt som fann stad under det amerikanskleidde Provincial Reconstruction Team Zabul, som var verksame her fram til 2013.[8] Mellom anna blei det bygd ein jenteskule for å betra tilgang til utdanning i området.[9] Fleire program for å betra tilgangen på reint vatn blei også starta rundtom i byen.[10] I 2009 blei eit prosjekt som gav sjukehuset Qalat City Hospital reint drikkevatn fullført.[11] Nokre av prosjekta har likevel fått kritikk. Utviklinga av eit økonomisk distrikt i byen tok tre år å fullføra og kosta rundt ti millionar dollar, men bygningane blei for det meste ståande tomme. Anten var det ikkje bruk for dei eller ein mangla lokal kunne til å vedlikehalda dei.[12]
-
Qalat festning i 2010.
-
Bibi Khala-skulen i Qalat.
-
Barn og ein amerikansk soldat vitjar eit område som skal gjerast om til ein park.
-
Tarnak-brua i Qalat, eit av gjenreisingsprosjekta.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Qalāt ved Geonames.org (cc-by), henta 2015-05-09
- ↑ «The State of Afghan Cities Report 2015». Henta 22 October 2015.
- ↑ 3,0 3,1 J.J. Sutherland (18. juli 2006), A New Occupant for an Ancient Afghan Fortress
- ↑ 4,0 4,1 «Zabul's no Kabul», The Economist, 7. juli 2005
- ↑ Bellew, Henry Walter (1862). Journal of a Political Mission to Afghanistan in 1857, Under Major Lumsden. Smith, Elder and Co.
- ↑ Our Punjab Frontier: Being a Concise Account of the Various Tribes by which the North West Frontier of British India is Inhabited. Calcutta, India: Wyman Bros. Publishers. 1868. s. 26.
- ↑ USAID/Afghanistan: First Airstrip in Zabul Province, arkivert frå originalen 7. august 2007, henta 26. mars 2017
- ↑ Spero, Domani. «Zabul Attack: Were They Walking in a Red Zone?». Diplopundit. Henta 29. juni 2015.
- ↑ «Zabul PRT opens new girls' school in Qalat > U.S. Air Forces Central Command > Article Display». www.afcent.af.mil. Arkivert frå originalen 9. september 2018. Henta 29. juni 2015.
- ↑ tSgt Jefferson, Oshawn (June 3, 2010). «Zabul Province completes projects for progress». Arkivert frå originalen 9. september 2018.
- ↑ Burrington, Megan. «G.I. Dough: Money as a Weapons System». Henta 29. juni 2015.
- ↑ «The Army's $10M Afghanistan Flop». ABC News. 30. juli 2009. Henta 29. juni 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Qalat, Zabul» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2017.