Qarah eller Karah (arabisk قارة) er ein by i Syria i Qalamoun-distriktet i Rif Dimashq guvernement. Han ligg mellom Qalamounfjella og Anti-Libanonfjella, 95 km nord for hovudstaden Damaskus langs vegen til byen Homs. Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar og gresk-ortodokse og katolikkar kristne.[1]

Qarah
قارة, Qārā, Karah
by
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Al-Nabk-distriktet
Høgd 1 280 moh.
Koordinatar 34°09′15″N 36°44′39″E / 34.15417°N 36.74417°E / 34.15417; 36.74417
Folketal 12 508  (2004)
Kart
Qarah i Syria
34°09′15″N 36°44′39″E / 34.15416667°N 36.74416667°E / 34.15416667; 36.74416667
Kart som viser Qarah i Syria.
Kart som viser Qarah i Syria.
Kart som viser Qarah i Syria.
Wikimedia Commons: Qara, Syria

Historie

endre

Han var den sørlegaste byen i Jund Hims militærdistrikt i Stor-Syria under Umayyade-kalifatet.[2] Abu'l-Fida skildra byen i hans Geografi av 1321 som «ein stor landsby halvvegs mellom Damaskus og Homs. Han er ein stoppestad for karavanane. Dei fleste innbyggjarane er kristne. Han ligg 1½ marsjar frå Homs og 2 marsjar frå Damaskus.»[3] Sidan1300-talet har Qarah lege i skuggen til nabobyen An Nabk i sør.

Kjelder

endre
  1. Smith, 1841, s. 173.
  2. Yaqut al-Hamawi som sitert i le Strange, Guy (1890). Palestine Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500. London: Aleksander P. Watt for the Committee of the Palestine Exploration Fund. s. 36. OCLC 1004386. Henta 23. juni 2014. 
  3. Quoted at le Strange, Guy (1890). Palestine Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500. London: Aleksander P. Watt for the Committee of the Palestine Exploration Fund. s. 478. OCLC 1004386. Henta 23. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre