Guvernement i Syria

Syria er delt inn i fjorten guvernement eller muhafazat (eintal muhafazah). Guvernementa er delte inn i seksti distrikt, eller manatiq (eintal mintaqah), som vidare er delt inn i underdistrikt eller nawahi (eintal nahia). Nawahi inneheld landsbyar, som er dei minste administrative einingar.

Kvart guvernement vert styrt av ein guvernør, utpeikt av innanriksministeren og godkjend av regjeringa. Guvernøren er ansvarleg for administrasjon, helse, velferd, utdanning, turisme, offentlege arbeid, samferdsle, handel, jordbruk, industri, sivilforsvar og oppretthalde lov og orden i guvernementet. Ministeren for lokal administrasjon arbeider tett med kvar guvernør for å koordinere og ha oversyn med utviklinga av lokale prosjekt. Guvernøren har sitt eit provinsråd, der tre fjerdedelar av medlemmane vert valde av folket for fire år om gangen, medan resten vert utpeikt av innanriksministeren og guvernøren. I tillegg har kvart råd ei utøvande avdeling på seks til ti sentralt utpeikte tenestemenn, som vert vald ut blant dei valde rådsmedlemmane. Kvar tenestemann har ansvar for spesifikke oppgåver.

Distrikta og underdistrikta vert styrte av tenestemenn som vert utpeikt av guvernøren og godkjend av innanriksministeren. Desse embetsmennene arbeider med lokale saker med eit vald distriktråd og tener som mellommenn mellom det sentrale styret og tradisjonelle lokale leiarar, som landsbyhøvdingar, klanleiarar og eldreråd.

Sjå òg endre

Kjelder endre