Qeqertalik kommune

kommune på Grønland
(Omdirigert frå Qeqertalik)

Qeqertalik kommune er ein kommune på Grønland oppretta 1. januar 2018 frå dei fire sørlegaste distrikta i tidligare Qaasuitsup kommune. Kommunen har omtrent 6 500 innbyggjarar og eit areal på 62 400 km². Administasjonssenteret ligg i Aasiaat.

Qeqertalik kommune
kommune
Våpenskjold
Land  Grønland
Areal 62 400 km²
Folketal 6 504  (2017)
Kart
Qeqertalik
68°11′52″N 51°55′33″W / 68.197711111111°N 51.925830555556°W / 68.197711111111; -51.925830555556
Wikimedia Commons: Qeqertalik

Geografi endre

Qeqertalik grensar til Qeqqata kommune i sør og til Avannaata kommune i nord. Mot aust grensar han mot Sermersooq kommune over innlandsisen og langs den 45. vestlege lengdegraden. Kommunen består hovedsakleg av lokalsamfunna omkring Diskobukta, bortsett frå nordaustkysten og Nuussuaqhalvøya som høyrer til nabokommunen Avannaata.

Busetnader endre

Administrasjon endre

I samband med oppdelinga av Qaasuitsup kommune vart det vald eit overgangsutval i april 2017 på 15 medlemmar i den framtidige Queqertalik kommune. Ved etableringa av Queqertalik kommune 1. januar 2018 tiltredde overgangsutvalet som kommuneråd i den nye kommunen fram til kommunevalet i april 2021, og Ane Hansen frå Inuit Ataqatigiit vart vald som borgarmeister.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre