For musikkgruppa, sjå Queen.
Queens
Queens

Flagg

Kart over Queens

Grunnlagt1683
TidssoneEastern Standard Time
Folketal2 296 175 (1. juli 2013)
Plassering

Queens
40°42′15″ N 73°55′4″ W

Queens er ein bydel i New York. Bydelen har samanfallende grenser med fylket Queens County i delstaten New York.

Med eit totalareal på 461,7 km² er Queens er den største av dei fem bydelane i New York City. Den har eit folketal på 2 229 379 (2000).

Queens er eit lappeteppe av mange unike nabolag, kvart med sin eigen tydelege identitet. Astoria, i nordvest, er tradisjonelt heimen til den største greske folkesetnaden utanfor Hellas, samt ein aukande del unge yrkespersonar frå Manhattan. Long Island City, i sørvest, er eit stort fabrikk- og næringsområde. Jackson Heights, Elmhurst og Corona utgjer ei stor blanding av søramerikanske og søraustasiatiske koloniar. Flushing, nord i den midterste delen av bydelen, er eit stort kommersielt samlingspunkt for kinesiske og koreanske forretningar. Richmond Hill, i sør, har den største folkesetnaden av indiske sikhar utenfor India. Forest Hills og Kew Gardens, i sentrale Queens, har tradisjonelt store jødiske folkesetnader, medan Jamaica er eit stort forretnings- og transportsentrum for bydelen, men òg heimen til store afro-amerikanske og karibiske folkesetnader. Saman utgjer desse nabolaga det mest mangfaldige fylket i USA.

Kjende fok frå QueensEndra


  1. 'Dapper Don' John Gotti dead: Brought down by the Bull, CNN.com, 11. juni 2002.