Quincy D. Watts (fødd 19. juni 1970) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Detroit som vart olympisk meister på 400 meter i 1992, og dessutan vann gullmedaljar med USA i 4 x 400 m stafett i OL 1992 og VM 1993.

Quincy Watts
Statsborgarskap USA
Fødd 19. juni 1970 (53 år)
Detroit
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992

Watts var til 1990 aktiv på 100 og 200 meter, på råd frå trenaren satsa han deretter på 400 m. I 1991 fekk han plass i VM-troppa til USA og sprang den andre etappen under verdsmeisterskapen i Tokyo, der han fekk sølvmedalje i 4 x 400 m stafett, fattige 0,04 sekund bakom Storbritannia.

Året etter sletta Watts i Barcelona den 24 år gamle olympiske rekorden på 400 m i semifinalane. Tida 43,71 sekundar vart ikkje ståande rekord til lengre enn i finalen, då han sjølv forbetra den til 43,50 og vann ein suveren siger framfor tittelforsvararen Steve Lewis. Watts tok OL-gull også i 4 x 400 m stafett, saman med lagkameratane Andrew Valmon, Michael Johnson og Steve Lewis. Samstundes sette dei verdsrekord i øvinga med tida 2.55,7 og forbetra USA sin gamle rekord frå 1968 med 0,4 sekund.

I 1993 vart Watts fjerdemann på 400 meter då friidretts-VM fann stad i Stuttgart. På den lange stafetten var han med på ein historisk prestasjon då USA sitt mannskap; Andrew Valmon, Watts, Butch Reynolds og Michael Johnson, den 22. august forbetra verdsrekorden til 2.54,29 og vann med over 5,5 sekundar til gode på nummer to i tevlinga. Rekorden står framleis ved lag i 2017.

Etter 1993 makta ikkje Watts å kome under 45,0 på 400 meter og han la opp i 1997.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre