Steven Earl Lewis (fødd 16. mai 1969) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Los Angeles i California som i 1988-92 vann tre olympiske gullmedaljar på 400 meter og i 4 x 400 meter stafett.

Steve Lewis
Statsborgarskap USA
Fødd 16. mai 1969 (54 år)
Los Angeles
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

I USA si kvalifisering til Sommar-OL 1988 i Seoul sette Lewis juniorverdsrekord i kvartfinalane på 400 meter med sine 44,61 sekundar, ein rekord han i semifinalane forbetra til sterke 44,11. I finalen i kvalifiseringa vart han slått av Butch Reynolds og Danny Everett, men tredjeplassen på 44,37 sikra han OL-plass på distansen. Verdsrekordhaldar Reynolds var favoritt til å vinne 400-meteren då finaleløpet i OL fann stad i Seoul 28. september. Her opna Lewis hardt og makta halde unna for Reynolds som avslutta sterkt og tok sølv. Lewis fekk notert fabelaktige 43,87 sekundar, Reynolds 43,93 og Everett tok bronsen på 44,09. Tre dagar seinare vann Lewis si andre gullmedalje då han i 4 x 400 m stafett sprang den andre etappen for USA sitt lag, som med tida 2.56,16 tangerte den 20 år gamle verdsrekorden i øvinga. Dei andre på vinnarlaget var Danny Everett, Kevin Robinzine og ankermann Butch Reynolds.

I 1990 vart Lewis både nordamerikansk collegemeister (NCAA) og han vann US-meisterskapen på 400 m. To år etter kneip han sølvmedaljen på 400 meter under dei olympiske sommarleikane 1992 i Barcelona, landsmannen Quincy Watts var suverent best og sette olympisk rekord på 43,50 sekundar, Lewis si sluttid vart 44,21. I 4 x 400 meter stafett sprang Lewis USA inn til olympisk gull på ny verdsrekord 2.55,74, etter at Andrew Valmon, Quincy Watts og Michael Johnson hadde ført USA opp i ei suveren leiing på dei tre fyrste etappane.

Lewis var mykje plaga med skadar og deltok aldri sidan i internasjonale meisterskap.

Kjelder endre