Quinoa av Tangerine Dream

studioalbum av Tangerine Dream
Quinoa
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 1992
Innspelt 1992–1997, The Cave (Berlin)
Sjanger Elektronisk musikk[1]
Lengd 49:13
Selskap Volt Records, TDI
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Rumpelstiltskin
(1992)
Quinoa Deadly Care
(1992)


Quinoa er det 46. albumet og det 22. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i 1992.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]

Bakgrunn endre

Quinoa vart gjeve ut i eit avgrensa opplag på berre 1000 eksemplar. Det vart sendt ut som ei spesiell gåve til medlemmar av den tidlegare offisielle fanklubben til Tangerine Dream,[2] og dei attverande kopiane vart selde under den tyske turneen deira i 1997. Albumet inneheldt berre eitt spor, men det varte til gjengjeld i 28 minuttar.

Albumet vart gjeve ut på ny i 1998 på TDI.[3] Det var då ikkje lenger avgrensa og inneheld to bonusspor. Eit av desse, «Voxel Ux», vart opphavleg skrive for ein konkurranse på den offisielle heimesida til bandet i 1996. Vinnaren fekk ein CDR med songen på, og det var berre denne eine kopien som fanst. «Lhasa» vart skildra som den første satsen i «Tibetan Cycle» i lag med seks andre stykke. Dette kom først ut i 2000 på albumet The Seven Letters from Tibet. «Lhasa» var då forlenga og heitte «The Blue Pearl».[4]

I mars 2009 vart Quinoa gjeve ut på ny på Membran Music Ltd med nytt plateomslag.[5]

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Voxel Ux» (TDI (1998), Membran (2009))Jerome Froese11:59
2.«Quinoa»Edgar Froese, Jerome Froese28:25
3.«Lhasa» (TDI (1998), Membran (2009))Edgar Froese9:49

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Brenholts, Jim. Quinoa av Tangerine DreamAllmusic
  2. «Tangerine Dream - Quinoa (1992)». Discogs. 
  3. «Tangerine Dream - Quinoa (1998)». Discogs. 
  4. Berling, Michael. «Quinoa». Voices in the Net. 
  5. «Tangerine Dream - Quinoa (2009)». Discogs.