Quraisj (arabisk قريش‎, betyr kanskje «hai»), også stava Qurayš, Qiraish eller liknande, var ein stamme i Før-islamske Arabia som kontrollerte handelen i Mekka og verna om Kaba.[1]

Stammar i det før-islamske Arabia.

Quraisjittene stamma frå Banu Kinanah, og grunnleggjaren deira Kinanah førte slekta si tilbake til Adam, via Ismael. Stammen var relativt uorganisert fram til Qusai ibn Kilab sameinte han på 400-talet. Dette la grunnlaget for den seinare maktposisjonen deira. Quraisjittene i Mekka kjempa mot Muhammed i ei rekkje slag, mellom anna det avgjerande slaget ved Badr i 624, før dei blei overvunne og massekonverterte til islam i 630.

Quraisjittene (Bantantu Qurayš) var oppdelt i ei rekkje ulike underklanar og underfamiliar, mellom anna Banu Hasim, klanen til profeten Muhammed og Ali ibn Abi Talib, som også seinare spelte ei leiande rolle i utbreiinga av islam. Stammen eksisterer framleis vestlege og sentrale Arabia.

Ein hadith om at alle framtidige kalifar skulle vera quraisjar var allment akseptert, bortsett frå av kharjittane. Klansymbolet var ein falk, og falken har sidan vore nytta i mange moderne arabiske statssymbol.

Kjelder endre

  1. Francis E. Peters. «Mecca: A Literary History of the Muslim Holy Land» (på engelsk).