Qurnat as Sawdā’ er det høgaste fjellet i Libanon og Levanten med ei høgd på 3 088 meter over havet.[1]

Qurnat as Sawda'
fjell
Qurnat As Sawda sett frå sør i juni 1985
Land  Libanon
Fjellkjede Libanonfjella
Høgd 3 088 moh.
Primærfaktor 2 393 m
Koordinatar 34°18′00″N 36°07′00″E / 34.30000°N 36.11667°E / 34.30000; 36.11667
Kart
Qurnat as Sawda'
34°18′00″N 36°07′00″E / 34.3°N 36.116666666667°E / 34.3; 36.116666666667

Geografi og klima endre

Qurnat as Sawda har eit alpint klima med kjølige somrar. Temperaturen om sommaren når vanlegvis 10-15 ºC, men kan gå ned til kring 0-5 ºC om natta. Vinteren er lang på dette fjellet (oktober til seint i april) med temperaturar frå -20 til -45 ºC. Snøfallet er kring 10-12 meter kvart år, og smeltar ikkje før i midten av juni. Frost er vanleg gjennom sommaren. Fjell i Libanon på over 1800 meter er dekte av snø nesten fire månader av året og toppar over 2 500 m er dekte av snø kring halve året.[2]

Fjelltoppen er kjend for å ha mange snøras.

Religiøs mellomalderlitteratur endre

I Jacobus de Vorgaine sin Aurea Legenda planta Noa eit heilag tre på dette fjellet etter å ha overlevd syndefloden. Vorgaine skreiv at frøa til dette treet vart gjeven til Set av ein engel i Edens hage.[3]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre