Râs ach-Chaq’a’

Râs ach-Chaq’a’ eller Lithoprosopon (gresk Theoprosopon) er eit nes nord i Libanon. Neset ligg mellom dei antikke byane Batroun og Tripoli. Neset dannar ein massiv barrière som skjer gjennom kysten av Libanon og gjer det vanskeleg for reisande å reise rundt. I dag går kystvegen gjennom neset i to tunnelar.

Râs ach-Chaq’a’
nes
Land  Libanon
Koordinatar 34°17′19.20″N 35°40′49.68″E / 34.2886667°N 35.6804667°E / 34.2886667; 35.6804667
Kart
Râs ach-Chaq’a’
34°17′19″N 35°40′50″E / 34.2887°N 35.6805°E / 34.2887; 35.6805

Historie endre

I antikken gjekk det ein veg parallelt til sjøen rundt neset mellom Batroun og Tripoli. Historikarar rapporterer at eit jordskjelv i 551 evt. skapte eit jordras som tok med seg vegen ut i sjøen, og dermed isolerte Tripoli frå Batroun og Byblos.[1]

Namnet på neset har endra seg gjennom historia. Det vart første gongen nemnt av den greske historikaren Polybius, som kalla det Theou Prosopon eller «Guds andlet». Dei greske geografane Klaudios Ptolemaios og Strabon, nemner òg neset som Theouprosopon. Pomponius, den romerske geografen kalla det Promontorium Euprosopon eller «Det gode andlet-neset». Namnet Lithoprosopon kom ikkje i bruk før Austromarriket, då området vart heilt kristna og namnet vart Lithoprosopon eller «Andlet av stein». Arameiske og syriske historikarar omsette det til Parsuph Kipa og seinare omsette arabiske historikarar det til Anf Al-Hajar og Wajh Al-Hajar eller «Nasa eller andeletet av stein». Historikarane frå krosstoga kalla det «Konstabelens kyrkjebenk» eller «Generalfjellet». Under mamelukkane og osmanarane fekk neset igjen det arabiske namnet Wajh Al-Hajar.

Den franske historikaren Laurent d'Arvieux skreiv i 1660 at frankarane kalla det Cape Rouge, ei forvansking av det libanesisk arabiske ordet ouege, som tyder «andlet». Jean de La Roque gav i 1688 neset to ytterlegare namn, Capo Pagro og Cappouge. Cappouge var truleg ei forvansking av «Cap Rouge», «Cappo poggia» eller «Neset under vinden» Cappouge kunne òg ha kome frå Capo poggio eller «neset med åsen», som samsvarar med det noverande namnet på neset, Râs ech-Chaq' ha, som tyder «Neset me haugen».[2]

Moderne turistmål endre

I dag er det fleire små feriestader langs kysten. Det er òg ein populær, kristen pilegrimsstad der vitjande vitjar klosteret og helgenskrinet til Vår frue av Nourieh i landsby Hamat.

Våtmarksområde endre

Det er eit våtmarksreservat på neset ved Deir el Nouriyeh-klippene i Ras Chekaa som er oppført under den internasjonale Ramsarkonvensjonen.

Kjelder endre