Rötspitze

Rötspitze er ein 3 496 meter over havet høg fjelltopp vest i dei såkalla Venediger-fjella i Hohe Tauern i Alpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol.

Rötspitze
fjell
Roetspitze-Firntrapez.jpg
Rötspitze, sett frå aust
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Fjellkjede Hohe Tauern
Høgd 3 496 moh.
Primærfaktor 653 m
Førstestiging 1854
Koordinatar 47°1′38″N 12°12′16″EKoordinatar: 47°1′38″N 12°12′16″E

Rötspitze
47°1′38″ N 12°12′16″ E
Wikimedia Commons: Rötspitze

Fjellet ragar over alle andre toppane i nærleiken, Dreiherrnspitze 5,4 kilometer i nordaust er jamhøg. Ved sidan av hovudtoppen, som er det høgste punktet på fjellryggen Umbalkamm, reiser den 3 350 moh. høge nordausttoppen seg. Frå hovudtoppen går lange eggjer både mot nord, sør og vest.

Den 22. august 1854 kleiv oberstløytnant J. Breymann og hjelparane hans til topps, dei dreiv på å kartleggje landskapet for militære føremål. Men dei var ikkje fyrstebestigarar. Lokale karar hadde allereie vore på toppen, som ein del av førebuinga til den militære oppmålinga.

KjelderEndra