Røa Idrettslag

(Omdirigert frå Røa IL)

Røa Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Røa i Oslo kommune, stifta 11. november 1900. Idrettslaget er aktivt med i bandy, fotball, skiidrett og turn.

Laget vart stifta som Røed Sportsforening og var dei fyrste åra eit lag med skiidrett og skyting på programmet, seinare også fotball. I 1929 melde laget seg inn i Arbeidernes Idrettsforbund (AIF) og var med i AIF til Norges Idrettsforbund vart danna i 1945. Same året skifta sportsforeininga namn til Røa Idrettslag.

Bandylaget til Røa deltok i toppserien frå 1975 til 2001.

I fotball har kvinnelaget til Røa spelt (per 2017) i toppserien i samtlege sesongar sidan 2001 og vann i tida 2004-11 fem seriemeistertitlar og like mange cupmeisterskap. Desse toppåra mønstra laget, som av ein eller annan tåpeleg grunn marknadsfører seg som Røa Dynamite Girls, mellom andre spelarar som Siri Nordby, Kristine Edner, Marit Fiane Christensen, Guro Knutsen, Marie Knutsen, Lene Mykjåland og Elise Thorsnes. Fotballaga til Røa IL spelar i heilraude drakter.

Av skisportsutøvarane er det særleg stilhopparen Olav Hansson og langrennaren Martin Sundby som har utmerkt seg både nasjonalt og internasjonalt.

Kjelder

endre