Elise Thorsnes

norsk fotballspelar

Elise Hove Thorsnes (fødd 14. august 1988) er ein norsk fotballspelar frå Leikanger i Sogn. Ho spelar på Avaldsnes idrettslag (2020).

Elise Thorsnes


Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. august 1988 (35 år)
Leikanger kommune
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 2008, VM i fotball for kvinner 2019

Elise Thorsnes i norsk kvit landslagdrakt mot Austerrike i april 2016

Ho har pr 15.7.2017 spelt 105 landskampar for Noreg og skåra 16 mål. Thorsnes var innbytar i EM-finalen 2013 mot Tyskland, der det vart norsk tap med 0-1.

Thorsnes spelte på Kaupanger IL i 2004-05. Ho melde seg så inn i Arna-Bjørnar og var aktiv der åra 2006-08. Sidan vart det fire sesongar i Røa IL og to sesongar hos Stabæk IF. Frå 2015 har ho spelt på Avaldsnes IL. Både i 2006, 2011 og 2013 vart ho toppskårar i Toppserien.

Thorsnes fekk sin landslagdebut 10. mai 2006, men kom ikkje med i VM-troppa 2007. Derimot var ho med i Sommar-OL 2008, EM 2009, VM 2011. Ho var innbytar i EM-finalen 2013 mot Tyskland, der ho ikkje var langt unna å utlikne den tyske 1-0-leiinga, noko som elles vart sluttresultatet. Etter Fotball-EM 2013 har landslagsleiinga ofte vald å nytte angrepsspelaren Thorsnes på venstrebacken. Ho spelte i alle dei fire norske kampane under VM i fotball 2015.

Merittar endre

  • EM-sølv: 2013
  • Noregsmeister: 2009 og 2010 med Røa IL
  • Seriemeister: 2009 med Røa IL

Kjelder endre