Opna hovudmenyen

Rødberg tåkeklokke er ei tåkeklokke som ligg i Stadsbygd i Indre Fosen kommune i Trondheimsfjorden i Trøndelag.

Rødberg tåkeklokke
Rødberg tåkeklokke.jpg
FylkeTrøndelag
KommuneIndre Fosen
FunksjonTåkeklokke
Oppretta1919
Koordinatar63°29.232′N 9°59.235′EKoordinatar: 63°29.232′N 9°59.235′E
Status
EigarRissa Kystmuseum
Automatisert1986
Avfolka1986
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Rødberg tåkeklokke is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Rødberg tåkeklokke

Opphavleg låg Rødberg fyrstasjon på same staden, oppretta i 1881. Fyrstasjonen vart derimot lagt ned i 1902, og tåkeklokka sett opp i 1919. Tårnet har same konstruksjon som tåkeklokkene ved Oslofjorden, med eit sveitserstilpreg.

Fyrstasjonen var opphavleg ei fyrlykt som var vorte flytta frå Glåpen fyr og plassert på hjørnet av postkontoret på staden. I 1902 vart fyret nedlagd og det vart sett opp ei ny fyrlykt på moloen like ved.

Klokka er i dag eigd av Rissa Kystmuseum og er i stor grad intakt. På grunn av dette er klokka òg freda etter lov om kulturminne.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra