Fyr i Noreg

Wikimedia-listeartikkel

Fyra i Noreg har i lange tider vore viktige for navigeringa langs heile den 100 915 km lange kystlina i Noreg, frå grensa mot Sverige i sør til grensa mot Russland i nord. Totalt har det vore 212 fyrstasjonar her i landet, og av desse har opp til 154 vore i drift samstundes. No er det totalt 107 anlegg som er definerte som fyrstasjonar. Det ligg til fyr- og merketjenesta i Kystverket under Kystdirektoratet å take seg av dei mange fyra og seglmerka.

Færder fyr yst i Oslofjorden.
Kavringen fyr inst i Oslofjorden.
Vardø fyr i Finnmark.
Lindesnes fyrLindesnes.

Historie endre

Dei eldste fyra i Noreg endre

I 1655 blei det første fyrlyset tent i Noreg. Kong Fredrik III (1609–1670) skreiv 18. juli 1655 ut ei formaning som gav Pouell Hansønn, borgar av Christiansand, privilegium til å etablere fyrdrift på Lindesnes. Drifta skulle finansierast ved å skattleggje alle skipsanløp i hamnene mellom Bergen og Bohuslen. Fyret blei bygd som eit tretårn med store talglys som brann bak blyglassruter, men det var i drift i berre eitt år. I 1725 blei Lindesnes fyr tent igjen, og i mellomtida var det etablert fyr på Færder, Kvitsøy og Høyvarde. Alle desse fyra var truleg bålfyr. Det nye fyret på Lindesnes var eit vippefyr, ein konstruksjon bygd på vektarmprinsippet. Ytst på den eine enden av ei stong hang ei kolgryte som kunne senkast til bakken når elden skulle tennast. Ein gjekk etterkvart bort frå vippefyrkonstruksjonen på grunn av brannfaren, og på fleire fyr sette ein i staden kolgryta rett på berget.

 
Kjeungskjær fyr i Trøndelag er eit leifyr frå 1880.
Foto: Gerd A.T. Müller

Somme reknar Færder fyr i Oslofjorden som det eldste fyret i Noreg. Det blei skipa i 1696 på øya Store Færder like nord for dagens fyr. Dette var eit privat fyr forma som ei open, smidd fyrgryte. Gryta stod også her rett på berget og fyrvaktaren etterfylte med kol og ved heile natta. På eit år blei det brent omkring 540 tønner med kol. I 1799 overtok det offentlege ansvaret for fyrdrifta, og eit tårn med stor lykt stod ferdig i 1802.

I 1841 fekk Noreg sitt eige fyrvesen (Noreg var då i union med Sverige), og det blei skilt ut som eit eige direktorat: Fyrdirektoratet. I tiåra som følgde blei det gjennomført svære byggjeprosjekt over heile landet. Fram til 1880 blei det bygd over 100 fyrstasjonar i Noreg. Fyretableringa i Nord-Noreg kom seint i gang, men utbygginga blei etter kvart pressa fram av fiskeria, hurtigruta (kom i gang i 1893) og malmtransporten (starta i 1903). Anda fyr i Øksnes kommune i Nordland var det siste fyret som blei reist i Noreg. Det blei oppretta i 1932.

På slutten av 1700-talet starta støypejernindustrien si blomstringstid. I 1853 blei det første jerntårnet i Noreg oppført, på Eigerøy fyrstasjon. Fram til 1950, blei det oppført 40 fyrtårn i støypejern her til lands. Frå 1870-åra begynte også oppføring av fyrtårn i betong, noko som etter kvart fekk stor utbreiing. Fram til 1890 var alle fyrbygningane måla i ein okerfarge, seinare blei dei måla kvite. Det blei etter kvart vanleg å måle ei ca. 1 meter brei, raud stripe vertikalt på lang- eller gavlveggen for at fyret skulle synast betre som dagmerke. I 1950-åra blei det vanleg å kle fyrbygningar med asbestplater (eternitt). I dag blir ofte den gamle kledinga restaurert eller erstatta med ny kleding.

 
Ein modell av eit vippefyr er sett opp på Verdens Ende på sørspissen av øya Tjøme i Vestfold.

Dei eldste fyra var bålfyr, der det blei først fyrt med ved og frå 1700-talet med kol. Mellom 1802 og 1839 blei det oppført seks kolblussfyr i Noreg. Det siste som blei reist, kanskje også det siste i verda, var Villa fyr utanfor Namsos i Trøndelag, som blei bygd i 1839. Dette var også det første fyret nord for Trondheimsfjorden. På 1700-talet var også tranfyr i bruk, men tranen blei etter kvart erstatta med andre typar oljer som rapsolje, parafin og til slutt petroleum1870-talet. Petroleum var både monaleg billegare og gav vesentleg betre lys, og har vore nytta som brennstoff heilt fram til vår tid.

På starten av 1900-talet blei også acetylengass brukt som brensel på nokre fyr. I 1862 blei det første elektriske fyret etablert i Frankrike. I 1897 blei elektrisitet prøvd ut på Ryvingen fyr utanfor Mandal, men det blei for kostbart i drift og blei bygd om for acetylengassdrift. Hovudtyngda av omlegging til elektrisitet på norske fyr kom så seint som etter den andre verdskrigen. Dei elektriske glødelampene er no skifte ut med energisparande halogenpærer, og på fleire fyr blir desse drivne av solcellepanel eller vindgeneratorar.

Tåkesignal endre

For meir om dette emnet, sjå tåkelur.
 
Maskinrommet til tåkeluren på Lindesnes fyr.
Foto: Philip Andreas Gabrielsen

Behovet for tåkesignal blei ytra allereie på Fredrik II si regjeringstid, og eit utal av forskjellige metodar har vore nytta opp gjennom hundreåra. Gong-gong, kanon, skytekrut, klokke, dampfløyte, sirene og meir moderne trykkluftsignal. Diafonen med sitt karakteristiske «raut» var høgdepunktet i denne utviklinga. Etter 1988 er alle norske tåkesignalanlegg ute av ordinær drift. Enkelte anlegg er framleis operative, men blir vanlegvis einast brukte til demonstasjonsføremål.

Fyr i Noreg under den andre verdskrigen endre

Under den andre verdskrigen sytte okkupasjonsmakta for at dei norske fyra blei sette ut av spel som navigasjonssystem, og rundt fleire av dei blei det etablert festningsverk. På Færder fyr var det stasjonert 12 tyskarar, i tillegg til den faste beteninga. Det blei grave fire skyttargraver som forsvarsverk og det var piggtråd rundt heile øya. Fyret blei einast tent og sløkt på kommando frå okkupantane, for det var berre tyske skip som skulle ha nytte av fyrlysa.

Lindesnes fyr er det i dag mange hallar og rom sprengde ut inne i fjellet fyret står på. Det er også hundrevis av meter med gangar som blei bygde opp att i 1990-åra.

Fyra blei bombemål for allierte fly, og mange fyr blei sterkt skadde som følgje av bombing. Dette medførte eit omfattande gjenreisingsarbeid på fyra i dei første fredsåra.

Alle fyrstasjonane i Finnmark blei øydelagde som følgje av den brende jords taktikk då tyskarane trekte seg tilbake i 1944. Dei blei gjenreiste etter krigen, etter den stramme, funksjonalistiske arkitekturen i samtida.

Radio- og radarfyr i Noreg endre

I 1923 blei dei første radiofyra innførte i Noreg, som eit av dei første landa i verda. Dei blei etablerte på Færder fyr og Marstein fyr. No er dei avleggs, men nokre har fått ny funksjon for DGPS-teneste (Differential Global Positioning System) som leverer korreksjonssignal til GPS (Global Positioning System) navigasjonsutstyr på skip. Det er 12 fyrstasjonar som har denne funksjonen langs Norskekysten i dag (2006), Færder, Lista, Utsira, Utvær, Svinøy, Halten, Sklinna, Skomvær, Andenes, Torsvåg, Fruholmen og Vardø.

Radarfyr (engelsk: Radarbeacon, forkorta til Racon), er no også monterte på fleire av fyrstasjonane i Noreg. Dette er radiofyr som automatisk svarer på radarsignal frå fly eller skip og som viser eit identifiserbart merke på skips/flyradaren. Med hjelp av to radiofyr med forskjellige identifikasjonssignal kan ein bestemme posisjon av skip eller fly. Dette systemet blir kalla Shoran (short range navigation).

Automatisering og avfolking endre

Frå tida då det første norske fyret blei reist i 1655, blei det etablert til saman over 200 bemanna fyrstasjonar i Noreg. Det siste norske bemanna fyret blei sett opp i 1932. Då den første automatiseringsplanen kom i 1975, var allereie meir enn 100 fyrstasjonar avfolka. Dei siste tiåra har det skjedd ei dramatisk utvikling, alle installasjonar som gjev lys eller elektroniske signal er no fullstendig automatiserte, og fyrtenesta blir no driven stort sett utan mannskap. Drygt 100 av fyrstasjonane blir likevel framleis drivne som navigasjonsinstallasjonar, sjølv om dei berre blir eitt av fleire viktige navigasjonshjelpemiddel. Automatiserte fyr blir ofte erstatta med ei frittståande lykt.

På nettstaden til Noregsdokumentasjon[daud lenkje] kan ein lese eit intervju med ein fyrvaktar på Færder fyr. Intervjuet er gjort på fyret av Jan Eidi 5. juni 2002 med fyrvaktar Jan Erik Hansen frå Tønsberg. Då hadde Hansen vore fyrvaktar sidan 1973. Om livet som fyrvaktar seier han:

«Turnusen på Færder var tre veker på jobb og ei veke heime. Ein fyrvaktar måtte forsake både mykje av samværet med familien og det sosiale livet på land. Det var omtrent som å vere til sjøs, men dei er oftare i land. Av det positive med å jobbe på fyr er at ein har god tid til å reflektere og tenkje, havet gjev både fred, ro og spenning i eit ope landskap. Mange synest jobben er for roleg og at ein ikkje får brukt seg sjølv og sine ressursar på ein tilfredsstillande måte.»...»Det var tre mann på fyret av gangen, men berre ein på vakt.»

I tillegg til vedlikehald av fyrstasjonen og tilsyn/vedlikehald av lyktene omkring hadde fyrvaktarane faste, daglege arbeidsoppgåver:

«Det er ein meteorologisk stasjon på øya. Kvar tredje time skal det takast vêrobservasjonar som skal sendast til Oslo. Tidlegare måtte alt dette gjerast manuelt, i dag går mykje automatisk, men vêr, skyer, bølgjehøgd, nedbørmåling og sikt må framleis meldast manuelt.»

Mange av fyrstasjonane i Noreg var familiestasjonar. Det vil seie at fyrvaktarane budde på fyra med familiane sine. I fyrdirektørens instruks hadde «fyrvaktaren med sin husstand» ansvar for å vakte fyret (utan at husstanden fekk noko særleg kompensasjon for arbeidet). Frå same nettstad som over kan ein lese om Færders fyrs historie:

«Etter at busetnaden var på plass var det fire familiar som budde på fyret. I 1920-åra var det opp til 30 menneske som budde der fast og dei hadde eigen skole på øya med klasserom oppe i tårnet. Dette varte til byrjinga av 1950-talet då det var berre to elevar att. Den siste guvernanta på Færder kom frå Hamar og hadde ikkje sett anna vatn enn Mjøsa, så det var ein stor overgang for henne då ho skulle bu midt ute på havet. Det herska ein klår rangorden med stor klasseskilnad i det vesle samfunnet. Fyrmeisteren hadde den beste bustaden og den finaste hageflekken med gjerde rundt.»

I dag er det så og seie slutt på det klassiske fyrvaktaryrket, når alle fyrstasjonar i landet snart er avfolka, får fyrvaktarane andre oppgåver.

Freding og vern endre

Automatiseringa og avfolkinga truar fyra med forfall. I løpet av 1900-talet har også fleire fyr blitt nedlagde og rivne, og andre har fått nye eigarar. Alternative bruksformer som er i pakt med fyra sin eigenart blir forsøkt utvikla, og fleire av dei nedlagde fyra blir tilrettelagt for ålmenta. I 1997 utvikla Riksantikvaren i samarbeid med Kystdirektoratet ein nasjonal verneplan for fyrstasjonar for å tryggje eit representativt utval av fyra for ettertida. Verneplanen går ut på freding av rundt halvparten av fyrstasjonane i Noreg (84 fyr), på bakgrunn av den kulturhistoriske verdien av fyra.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2006 blei det føreslått å etablere etatsmuseum for Kystverket, som blant anna skulle profilere Kystverket si kulturhistoriske rolle. Lindesnes fyrmuseum skulle ha ei koordinerande rolle i etatsmuseet, som ville bestå av eit nettverk av fire lokale museum. Dei tre andre musea var Tungenes fyrmuseum i Randaberg, Dalsfjord fyrmuseum i Volda og Lofotmuseet.

Spesielle fyr endre

Sletringen fyrFrøya i Trøndelag som blei oppretta i 1899 og automatisert og avfolka i 1993, har Noregs høgste fyrtårn. Tårnet er av støypejern og er 45 meter høgt. Slåtterøy fyr i Bømlo, bygd i 1859, er det mest lyssterke fyret i Noreg sidan elektrifiseringa i 1958. Det har ein lysstyrke på 5 180 000 candela.

Fyrskip endre

Noreg har hatt fyrskip berre to stader, på Lepsøyrev nord for Ålesund i Møre og Romsdal og på Ildjernsflu utanfor Nesodden i Indre Oslofjord i Akershus. Sluppen «Enigheden» vart lagt ut ved Lepsøyrev i 1856, men havarerte året etter. Etter at det hadde vore gjort fleire forsøk med nye fyrskip i området, vart Lepsøyrev fyr bygd i 1879. På Ildjernsflu ved Nesodden vart det lagt eit fyrskip i 1919, men det vart pårent og sokk 9. februar 1929. Eit nytt fyrskip vart lagt ut, og det heldt seg flytande til 1968, då det vart kondemnert og erstatta med ei botnfundamentert fyrlykt.

Fylkesvis opplisting av norske fyr endre

Østfold endre

Akershus endre

Oslo endre

Buskerud endre

Vestfold endre

Telemark endre

Aust-Agder endre

Vest-Agder endre

Rogaland endre

Hordaland endre

Sogn og Fjordane endre

Møre og Romsdal endre

Trøndelag endre

Nordland endre

Troms endre

Finnmark endre

Bakgrunnsstoff endre