«Rørelse» er innan læstadianismen eit omgrep som viser til ein felles ekstasetilstand der deltakarane i ei gudsteneste blir gripne av den heilage anden. Dette skjer mot slutten av gudstenesta, der forsamlinga (anten eit fåtal eller stort sett alle saman) byrjar å springa rundt og laga lydar, som rop eller gråt. Dei som er gripne av rørelsen kan vedkjenna syndene sine og få tilgjeving.

Rørelse er som oftast det elementet ved læstadianske gudstenester som blir oppfatta som mest framandt for ikkje-læstadianarar. Hendinga skil seg kraftig frå dei fastlagde rituala i statskyrkja. Også rørslegrunnleggjaren Lars Levi Læstadius var usikre på om rørelsen skjedde som følgje av den heilage anden. Han aksepterte likevel fenomenet som ein del av religionsopplevinga.

Av medisinske ekspertar gav ein rørelse diagnosen Mania Religiosa som mellom anna kunne heilast gjennom årelating.

Kjelder endre