Røssvoll er ei bygd og ein gard på vestsida av Ranelva, ca. ei mil nord for Mo i Rana. På austsida av Ranelva ligg Skonseng. Namnet har truleg samanheng med fjellnamnet Røffa. Det har heilt sikkert vore busetnad på Røssvoll sidan 1600-talet, og truleg så langt attende som mellomalderen. E6 går gjennom bygda. På Røssvollheia ligg Mo i Rana lufthamn, og Helgeland avfallsforedling har anlegg her. Røssvoll har butikk, campingplass og mc-forhandlar. Røssvoll kyrkje er ei trekyrkje bygd som eit oktogon.

Røssvoll
stad
Land  Noreg
Kart
Røssvoll
66°21′39″N 14°18′31″E / 66.360889°N 14.308667°E / 66.360889; 14.308667