Røst kyrkje ligg på Røst i Nordland. Kyrkja er ei langkyrkje i tømmer med 270 plassar. Ho vart vigsla 26. september 1900 sist ombygd i 1971.

Røst kyrkje
kyrkje
Røst kyrkje
Foto: Kurt E. Kleppe-Holm
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Bodø Domprosti
Sokn Røst
Fellesråd Røst
Arkitekt Mikalsen
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 26. september 1900
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 270
Kart
Røst kyrkje
67°31′03″N 12°07′07″E / 67.5176°N 12.1186°E / 67.5176; 12.1186
Wikimedia Commons: Røst kirke

Dagens avløyste ei eldre steinkyrkje som var blitt for lita. Den kyrkja vart vigsla treeiningssøndag 5. mai 1839. Ei endå eldre kyrkje blåste ned under ein orkan i januar 1835. Tårnet frå denne kyrkja står enno på kyrkjegarden på Røst. Til saman kan det ha stått fem forskjellige kyrkjer på Røst.

Altarskapet i Røst kyrkje gav prinsesse Elisabeth av Habsburg som ei votivgåve rundt 1520. Ho var tretten år gammal då ho reiste sjøvegen til Danmark for å bli Christian II si dronning. På reisa kom ho ut for ein storm. I takksemd for at ho overlevde, gav ho altarskap til fem kyrkjer på kysten av Noreg.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.