Røykbadstove
Røykbadstove eller røykbadstue er ein tradisjonell bygningstype kjent frå ulike delar av Norden og Baltikum. Det er ein tradisjonell type badstove som blir varma opp med ved, til forskjell frå nyare metodar som elektrisitet. Slike bygningar er tradisjonelt blitt laga utan skorstein, slik at røyken siv rundt i rommet før han går ut.[1]
Røykbadstovene har tradisjonelt vorte nytta for å skjøtta den personlege hygienen. Finsk saunakultur er rekna som immateriell verdsarv av UNESCO.[2] Den særskilde røykbastovetradisjonen frå Võromaa er også teken med på lista.[1]
I Noreg er røykbadstover mellom anna kjente frå Neiden, Færsnes og Finnskogen. Norsk Skogfinsk Museum har arbeidd for å kartlegga og opplysa om røykomnteknologien som blir nytta til å varma opp røykbadstover.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «UNESCO - Smoke sauna tradition in Võromaa», ich.unesco.org (på engelsk), henta 23. april 2023
- ↑ «UNESCO - Sauna culture in Finland», ich.unesco.org (på engelsk), henta 23. april 2023
- Denne artikkelen bygger på «Røykbadstue» frå Wikipedia på bokmål, den 23. april 2023.