Immateriell kulturarv

(Omdirigert frå Immateriell verdsarv)

Immateriell kulturarv er utøving og tradisjonar som er blitt overførte gjennom generasjonar, som munnleg overlevering, utøvande kunst, skikkar, ritual, festar, kunnskap og praksis kring naturen og verda og kunnskap og evne til å utøva tradisjonelle handverk.[1] Omgrepet er ei utviding av kulturell verdsarv til ikkje berre å femne om å take vare på bygningar, monument og gjenstandar, men òg tradisjonar og andre liknande kulturelle uttrykk som har gått i arv frå tidlegare generasjonar, og som er verd å takast vare på for nye generasjonar. Dei sameinte nasjonane sin kulturorganisasjon UNESCO har vedteke ein konvensjon 17. oktober 2003 om vern av den immaterielle kulturarven.[2]

Koodiyattam frå Kerala i India blei nemnd som immateriell verdsarv i 2001.

Døme på immateriell kulturarv er munnlege forteljartradisjonar, song (til dømes fado), dans (til dømes flamenco og norsk folkedans) og anna framføringskunst, sosial praksis, seremoniar og ritual, praksis knytt til festdagar og høgtidsdagar, mattradisjonar, kunnskap og framgangsmåtar for å framstille handverksprodukt (til dømes oselvar), tru og førestillingar om naturen, verda og universet.

Nokre tradisjonar og tradisjonskunnskapar blir listeført på UNESCO si Representativ liste over den immaterielle kulturarva til menneskja.

Kjelder endre

  1. «UNESCO - What is Intangible Cultural Heritage?», ich.unesco.org (på engelsk), henta 1. juli 2023 
  2. «Konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven (UNESCO) - Lovdata», lovdata.no, henta 27. mai 2023 

Bakgrunnsstoff endre