Norsk Skogfinsk Museum

Norsk Skogfinsk Museum er eit kulturhistorisk museum for den skogfinske kulturen i Sør-Noreg. Museet vart skipa i 2005 av Gruetunet Museum, Finnetunet, Austmarka Historielag og Åsnes Finnskog Historielag, som frå då av vart omgjort til avdelingar under museet. Forvaltningsansvaret for deira samlingar av bygningar og gjenstandar, spreidde over store delar av den norske Finnskogen og i Solør, vart med dette overteke av museet. Samlinga er på om lag 350 000 objekt, både ymse arkiv og fotografi i tillegg til gjenstandar og antikvariske bygningar.

Norsk Skogfinsk Museum
Kart
Norsk Skogfinsk Museum
60°24′56″N 12°24′00″E / 60.41544167°N 12.4°E / 60.41544167; 12.4
Røykstova på avdelinga Finnetunet i Svullrya

Museet har tilhald og utstillingslokale i Svullrya gamle skole i Svullrya i Grue kommune. Svullrya er ein liten tettstad som fungerer som det uoffisielle norske senteret i Finnskogen, det store skogsområdet på båe sider av riksgrensa mellom Solør i Noreg og Värmland i Sverige som innvandrande finnar busette seg i på 1600-talet og frametter.

Museet har som si oppgåve å utforske og formidle den særeigne kulturarven skogfinnane stod for, og med dette gjere dei og deira kultur kjent og respektert både av etterfølgjarane deira og i det norske samfunnet i det heile. Innvandringssoga, den tradisjonelle skogfinske jorddyrkinga ved svedjebruk, byggjeskikken og den skogfinske kombinasjonen av kristen tru og tradisjonell folketru, er hovudtema som dannar utgangspunktet for utforsking og formidling av dei særeigne draga i skogfinsk kultur.

Avdelingane til museet er i hovudsak opne for publikum i perioden juni-august. Der får publikum høve til å gjere seg kjent med livet på Finnskogen farne dagar, og levekåra, tradisjonane og kulturen hjå skogfinnane. I lokalet ved Svullrya gamle skole vert det kvart år skipa til ei større utstilling. Formidlinga til publikum går elles føre seg ved føredrag og guiding på avdelingane, og ved rundreiser med buss.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Norsk Skogfinsk Museum