59°36′8.9460″N 6°45′33.617″E / 59.602485000°N 6.75933806°E / 59.602485000; 6.75933806

Røynevarden

Røynevarden er ein husmannsplass som ligg opp frå Suldalsvatnet langs riksveg 13 på veg mot Nesflaten i Suldal. Røynevarden er i dag ei avdeling under Ryfylkemuseet. Her kan det ha vore husmannsplass sidan 1834. Det er i alt seks hus på Røynevarden, to stovehus, løe, sauhus, geithus og eldhus.

Røynevarden var plass under garden Overskeid på Nesflaten, og blei rydda av Jakob Gabrielson. Han hadde truleg stova med seg frå Svones, den første plassen han budde på. I så fall er den eldste stova frå 1820-åra. Dette er ei røykstove, eller rotastove, som dei seier i Suldal. I denne stova budde dei i like til 1893, og dei som ikkje fekk plass inne sov på sauhuslemmen.

Nystova blei kjøpt på auksjon i Litlevik, eit plass lenger nede langs Suldalsvatnet, etter ein husmann som reiste til Amerika med huslyden sin. I nystova blei det mura grue med skorstein. Seinare kom det kokomn ved sida av grua.

Alt kan synest smått på Røynevarden, men plassen var mellom dei beste i Suldal. På det jamne fødde dei to kyr, fem geiter og nokre sauer. Elles avla dei poteter til husbruk og dei sådde korn på dei mange åkerlappane. Høy slo og samla dei alle stader oppetter fjellskortene. Ved sida av høyet nytta dei mykje lauv.

Dei siste som budde på Røynevarden var Halvor Halvorsen Røynevarden (1864-1950) og systera hans, Randi (1866-1951). Dei flytte frå plassen like etter krigen og selde da husa til museet.

Bakgrunnsstoff endre