RS-232
RC-232 (Recommended Standard 232) er ein standard for seriell overføring av binær data mellom ulike datahandsamingseiningar. CCITT/ITU-T-standaren V.24 tilsvarar RS-232. Etter den siste modifikasjonen av standarden i 1991 er den offisielle nemninga EIA-232, men på folkemunne vert han framleis kalla RS-232. RS-232 er eit eining-til-eining samband.
Standaren vart vedteken av Electronic Industries Association (EIA) i 1962 og har ei lang og brokete historie. Tidlegare vart RS-232 nytta for overføring av data mellom datamaskiner og eksterne einingar som modem, skrivarar, utviklingssystem for mikroprosessorar og mikrokontrollarar, osb.
I dag har USB fortrengt RS-232 og berbare datamaskinar har som oftast ikkje RS-232 serieport. Men RS-232 er framleis viktig for industrien, der det enno finst mykje utstyr, som om til dømes datainnsamlingseiningar og ymse måleinstrument, med RS-232 seriepostar.
Relaterte standardar
endre- RS-422 (RS-232 med balansert overføring)
- RS-423 (RS-232 med 5-pins DIN-sokkel)
- RS-449 (Ein kombinasjon av RS-422 og RS-423)
- RS-485 (RS-232 versjon for kommunikasjon mellom meir enn to einingar)
- MIL-STD-188 (Ein militær versjon av RS-232)
- EIA-530 (Ei vidareutvikling av RS-449, med same elektriske eigenskapar som RS-422 or RS-423, men med same sokkel som EIA-232)
- TIA-574 (RS-232 med 9-pins D-sokkel)