Opna hovudmenyen
RS 1 «Colin Archer»
RS 1 Colin Archer.jpg
RS 1 «Colin Archer» før ho vart kvitmåla.
Status:  Restaurert
Leverandør:  Colin Archer, Larvik
Verft:  Colin Archer, Tolderodden, Larvik
Konstruktør:  Colin Archer
Byggjeår:  1893
Byggjepris:  10 900,43 kroner
Oppkalla etter:  Colin Archer
Finansiering:  Kristiania Kjøpmannsforening og innsamla midlar NSSR
Namn i dag:  RS «Colin Archer»
Eigenskapar
Materiale: eik og furu
Lengde:  13,95 meter
Breidde:  4,65 meter
Djupgåande:  2,25 meter
Seglareal:  105,6 m²
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1893
Ut av teneste:  1933
Menneskeliv berga:  237
Fartøy berga:  67
Fartøy assistert:  1598
Personer assistert:  om lag 4500
Sjå og RS «Vardø», som vart omdøypt til RS «Colin Archer» i 1942.

RS 1 «Colin Archer» var den første redningsskøyta som vart bygd etter Colin Archer sine redningsskøyte-teikningar. Ho vart sjøsett i 1893. Denne skøytekonstruksjonen vart svært vellukka, og var med små endringar grunnlag for Redningsselskapet sine skøyter fram til 1924. Skøytene med motor som vart bygde på 1930-talet vart og i stor grad konstruert ut frå Colin Archer sine teikningar.

RS «Colin Archer» vart bygd ved Archer sit verft på Tolderodden i Larvik. Frå dette verftet hadde polarskipet «Fram» vorte sjøsett 26. oktober 1892. Materialar som var att etter bygginga av «Fram» vart brukte til RS «Colin Archer». Dei tre redningsskøytene som var sett i drift før RS «Colin Archer», var som Archer sine losskøyter utrusta med ei mast. Denne nye skøyta fekk to master. På stormasta, ei heller kort pålemast, var det gaffelstorsegl og fokk. I tillegg kunne ein bruke stor eller liten klyver og toppsegl. På mesanmasta var gaffelsegl.

Andre særmerkte trekk ved redningsskøytene til Colin Archer var mykje ballast samla på ein kort del av skøytelengda. Av ein total ballast på om lag 10 tonn utgjorde den utvendige jernkjølen om lag 5,5 tonn. Dette, saman med at klyverbommen kunne dragast inn i skøyta, gjorde skøytene svært manøvreringsdyktige.

Som ny var «Colin Archer» blankskrapa og olja. Seinare vart ho, til liks med dei andre redningsskøytene, kvitmåla. Sjølv om tre redningsskøyter hadde vore i drift ei tid fekk «Colin Archer» nummer 1 i Redningsselskapet sit skøyteregister. I tillegg til at denne skøyta vart prototypen på Colin Archer-skøytene, fekk ho mykje å seie for renommeet til Redningsskøytene. Under redningsaksjonen ved Hamningberg i Aust-Finnmark, 20. mai 1894, redda ho 36 menneske under vêrtilhøve som gjorde at andre båtar ikkje kunne legge ut. Denne hendinga fekk stor merksemd. Første føraren var Nicolai Anthonisen. «Colin Archer» var for det meste stasjonert i Lofoten og i Finnmark.

Skøyta vart seld i 1933 til Hans Borge i Tønsberg. Han selde henne vidare til Anna Foyn Bjønnes i 1937. Ho segla «Colin Archer» til USA med eit mannskap på 4 i 1938. Ho ar eigar av skøyta til 1961. Då fekk Redningsselskapet henne attende til Noreg. Skøyta var då i heller dårleg stand. Frå 1972 har Norsk Sjøfartsmuseum vore eigar. I 1973 inngjekk museet avtale med Seilskøyteklubben Colin Archer om vedlikehald og bruksrett. Hovudansvaret hadde Knut von Trepka.

I 1942 vart RS 22 «Vardø» omdøypt til RS «Colin Archer», eit namn ho hadde til vart teken ut or teneste i 1948.

Mannskapet på «Colin Archer» fekk Emile Robins belønning for 1921 og 1926.

KjelderEndra

  • Galeas Trading AS
  • Tor Borch Sannes: Colin Archer skøytene og lystbåtene Norsk Maritimt Forlag 1979
  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Norsk Maritimt Forlag 2002
  • Knut von Trepka og Toril Grande: Colin Archer, Redningsskøyte nr. 1 Mortensen Forlag 1993

BakgrunnsstoffEndra