RS «Emmy Dyvi»
RS 112 «Emmy Dyvi» er ei redningsskøyte som vart bygd fot Redningsselskapet i 1997.
RS 112 «Emmy Dyvi» | ||
«Emmy Dyvi» i Ålesund 2010 | ||
Klasse: | Emmy Dyvi-klassen | |
Leverandør: | Båtutrustning AS , Bømlo | |
Konstruktør: | Tor Stokke | |
Byggjeår: | 1997 | |
Byggjepris: | ca. 17 millionar kroner | |
Oppkalla etter: | Emmy Dyvi, mor til gjevaren | |
Finansiering: | Jan Erik Dyvi, Oslo og NSSR | |
Eigenskapar | ||
Materiale: | FRP sandwich hull and superstructure | |
Lengde: | 20,4 meter | |
Breidde: | 6,8 meter | |
Djupgåande: | 1,45 meter | |
Bunkerkapasitet: | 12m² | |
Fart: | 24,9 knop | |
Mannskap: | 3 - 4 | |
Ho var den første av tre skøyter som vart bygd i sandwichmateriale. Bakgrunnen for desse skøytene, som har vorte kalla Emmy dyvi-klassen, var at Redninsselskapet såg behov for mindre og rimelegare fartøy enn dei i von Koss-klassen.
Konstruktør av Emmy Dyvi-klassen var Tor Stokke, i samarbeid med Redningsselskapet. Dekkshuset vart flytt framom styrhuset og gavplass til ti personar. Bak i hekken vart det plassert ein lettbåt under dekk. Han kunne settast ut frå ein rampe under fart. «Emmy Dyvi» vart til liks med RS «Erik Bye» (RS 113) og RS «Bergen Kreds» (RS 114) levert av Båtutrustning AS på Bømlo. Skroget vart bygd ved Norwegian Marine i Eikefjord. Redningsskøyta er 20,4 meter lang. Dei to hovumotorane, kvar på 1300 hk gir ein fart på 25 knop.
«Emmy Dyvi» vart delvis finansiert gjennom gåve frå Jan Erik Dyvi, Oslo. Ho fekk namn etter mor hans, Emmy Dyvi.
Kjelder
endre- Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002