RS 97 «G.J. Kastor»
Verft:  Arun Shipyard, Littlehampton, England
Konstruktør:  William Osborne
Byggjeår:  1983
Byggjepris:  1,3 millionar kroner
Oppkalla etter:  Gudrun Johne Kastor
Finansiering:  Gudrun Johne Kastor, New York
Eigenskapar
Materiale: Glassfiberarmert polyester
Lengde:  11,20 meter
Breidde:  3,20 meter
Djupgåande:  1,0 meter
Motor år:  1983
Motor:  2 * 212 Ford sabre diesel
Fart:  28 knop
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1983
Ut av teneste:  2004
Menneskeliv berga:  1
Fartøy berga:  7
Fartøy assistert:  186
Personer assistert:  17

RS 97 «G.J. Kastor» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1983. Ho var berre 11,2 meter lang, og vart primært bygd som utrykkingfartøy. Det var ikkje lugarplass for mannskap. «G.J. Kastor» vart konstruert og bygd av William Osborne i Littlehampton i England. Skroget er i spesialherda glasfiber, med ei tjukk oppblåsbar pølse rundt. Overbygget er i aluminium, og har ein konstruklsjon som gjer at fartøyet rettar seg opp sjølv, om det skulle gå rundt.

Utrykkingsfatøyet, som kosta 1,3 millionar kroner, vert gjeve av Gudrun Johne Kastor. Ho var frå Vestfold, og var gift i USA.

Ved utrykking vart «G.J. Kastor» bemanna av folk frå sjøreddningskorps. Frå 1994 tenestegjorde ho på Mjøsa, med stasjon i Gjøvik

KjelderEndra

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002
  • nssr.no