Opna hovudmenyen
RS 6 «Havskaaren»
RS 6 Nordland.jpg
RS «Havskaaren» vart omdøypt til RS «Nordland»
Status:  Forlist
Leverandør:  Colin Archer, Larvik
Verft:  Colin Archer, Larvik
Konstruktør:  Colin Archer
Byggjeår:  1894
Byggjepris:  8 000 kroner
Finansiering:  Redningsmarknad i Bodø og Bodø Kreds av NSSR
Eigenskapar
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1894
Ut av teneste:  1900
Menneskeliv berga:  144
Fartøy assistert:  411

RS 6 «Havskaaren» var ei redningsskøyte som var konstruert og bygd av Colin Archer, Larvik. Ho var av same type som RS «Colin Archer» (RS 1). «Havskaaren» vart bygd i 1894 og kosta kr 8 000. Ho vart finansiert gjennom innsamling ved redningsmarknad i Bodø, og av Boød Kreds av NSSR. "Havskaare" er eit lokalnamn på måsefuglen svartbak. Ved Fulehuk fyrstasjon i Oslofjorden er det og eit skjer som heiter Havskaaren. Då skøyta i 1897 vart stasjonert i Nord-Noreg, vart namnet endra til RS «Nordland». «Nordland» var den første av Redningsselskapet sine skøyter som forliste. Det gjorde ho ved Kjelvik i noverande Nordkapp kommune i Finnmark 10. desember 1900. I svær sjø og vind av orkan styrke fekk ho problem under vending i det tronge hamneinnløpet. Skøyta vart slengd mot land og fekk store skadar. Mannskapet vart redda. «Nordland» vart slept til Sandefjord for reparasjon. Der vart ho øydelagd av brann i mai 1901.

Redningsselskapet reknar at RS «Havskaaren»/RS «Nordland» redda 144 menneske frå ein sikker daude, og assisterte 411 fartøy.

KjelderEndra

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002