Opna hovudmenyen

Raúl Albiol

spansk fotballspelar

Raúl Albiol Tortajada (fødd 4. september 1985 i Vilamarxant i Valencia-provinsen) er ein spansk fotballspelar, som spelar i forsvar for Napoli og det spanske landslaget. Han vart seriemeister i Spania med Real Madrid i 2011/12-sesongen. I 2003/04-sesongen vann han UEFA-cupen med Valencia. I 2008 spelte han i to av Spania sine seks EM-kampar då dei vart europameistrar i fotball. Han var med i Spania sin tropp til fotball-VM i 2010 då Spania vart verdsmeistrar, men utan å spela i nokon av kampane. I 2012 var han med i troppen då Spania vart europameistrar, men igjen utan å komma på banen i nokon av kampane.

Raúl Albiol
RAlbiol.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn Raúl Albiol Tortajada
Fødd 4. september 1985 (33 år)
Fødestad Vilamarxant
Høgd 190 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Napoli
Nummer 33
Ungdomsklubbar
1994-2003 Spania Valencia
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2003-09
2004-05
2009-13
2013-
Spania Valencia
Spania Getafe (lån)
Spania Real Madrid
Italia Napoli
131 (5)
17 (1)
81 (2)
29 (1)
Landslag
2005-06
2007-
Spania Spania U21
Spania Spania
7 (0)
46 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 6. juni 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 6. juni 2014