Rabigh (arabisk رابغ) er ein eldgammal by på vestkysten av Saudi-Arabia, langs Raudehavet i Mekka-regionen. Han vart kalla al-Johfa eller al-Juhfah fram til starten av 1600-talet. I somme gamle soger vart byen heilt øydelagd av havet, og vart så bygd opp att på ny under namnet «Rabigh».

Miqat al-Juhfah
al-Juhfah
by
Masjid Miqat al-Juhfah i Wadi Rabigh i Saudi-Arabia
Kallenamn: Ein av Miqat
Land  Saudi-Arabia
Region Mekka-regionen
Koordinatar 22°48′N 39°02′E / 22.800°N 39.033°E / 22.800; 39.033
Areal 6 679 km²
Folketal 180 000
Tidssone AST (UTC+3)
Kart
Rabigh
22°48′00″N 39°02′00″E / 22.8°N 39.0333°E / 22.8; 39.0333

Folketalet er kring 180 000 i følgje nyare folketeljingar.[1]

Geografi og klima endre

Rabigh ligg på austkysten av Raudehavet og har ekstrem varme om sommaren. Tempeaturen er høg om vinteren òg. Temperaturen byrjar å stige i april og når eit maksimum mellom juli og september, ofte over 45 ºC. Luftfukta er særs høg, særleg om sommaren. Ein kan stundom få korte regnbyger på grunn av den ekstremt høge fukta.

Wadi Rabigh endre

Wadi Rabigh er ein historisk viktig wadi som ligg like innafor byen Rabigh, og strekkjer seg langs grensa til al-Madinah og Mekka-regionen i Saudi-Arabia.

Ein naturleg innsjø nær Haggag, kring 35 km inn i landet, er omgjeve av siv og får vatn frå fleire permanente ferskvasskjelder. Dette dannar ein naturleg våtmarksområde som er unikt for Tihamah nord for Jidda.

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. september 2015, henta 22. desember 2015 

Bakgrunnsstoff endre