Sæbø på Radøy

Sjå Sæbø om namnet og andre stader

Sæbø er eit namn på ein tidlegare norsk kommuneRadøy i Vestland fylke, i Nordhordland. Sæbø vart eigen heradskommune frå 1924, då Sæbø sokn vart utskilt frå Manger kommune. Kommunen fekk namn etter kyrkjestaden Sæbø på Radøy. I 1964 gjekk Sæbø kommune inn i den nye Radøy kommune, saman med kommunane Hordabø og Manger. Kommunen låg i Nordhordland, og før 1964 grensa Sæbø mot kommunane Meland og Herdla i sør, til Hjelme i vest, til Manger i nord og til Alversund kommune i aust.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Sæbø kommune frå 1924 til 1964:

1.7.1924 1.12.1930[1] 3.12.1946[1] 1.1.1951[2] 1.1.1961[2] 1.1.1964
1125 1119 1028 1009 994 956

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  2. 2,0 2,1 Folkemengd i Sæbø 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

BakgrunnsstoffEndra