Radialsnøggleik

(Omdirigert frå Radialhastigheit)

Radialsnøggleik er snøggleiken til ein himmellekam i retninga til synslinja. I følgje dopplereffekten vert linjene i spektrumet forskyvde mot raudt om avstanden til lyskjelda aukar (positiv radialsnøggleik), og mot fiolett om han minkar (negativ radialsnøggleik).

Radialsnøggleiken vert gjeven i forhold til sola, og målingane må derfor korrigerast for jordrørsla. Kring 60 % av stjernene har radialsnøggleik mellom 0 og ±20 km/s.

Sjå òg endre

Kjelder endre